skip to Main Content

Arbeidspakke 4 og avrop 2

Bakgrunn for status frå Steinar Onarheim er inngått rammeavtale med Aslpan Viak 23.02.2016, og «avrop 2» frå arbeidsgruppa 9. mai 2016. Gjennomføringa er skissert i presentasjon frå Asplan viak 24. juni 2016.

Status 17. mars 2017

Skulle berre informere om status. Rapporten er veldig nært å vere ferdig og hvertfall i løpet av mars, og kanskje allereie i neste veke.

I siste budsjett satte eg opp eit dagsverk på å gjere GIS-analysar på bustadprisane i regionen. Det viser seg at det er for lite data til at det er hensiktsmessig å sjå på skilnader i kvar kommune. Føreslår då at me viser føreliggande statistikk frå kvar kommune og som har gode nok data. Dette vil då bli presentert som graf og ikkje i kart. I tillegg kan eg hente inn kommunevis statistikk på kor mykje av bustadmassen i regionen som er bebudd, og som kanskje er enda meir interessant enn sjølve bustadprisane. Konsekvensen er at ressursane blir litt omprioritert.

Arbeidspakke 4 (WP4)

Styrking av regionens bustadsattraktivitet gjennom fokus på bukvalitet, behov og utviklingspotensiale i samspill mellom sentrum og omland.
Milepæl:
1. Erfaringsutveksling gjennomført
2. Etablere analysegrunnlag for bustadsstrategisk plan.

 

Back To Top