skip to Main Content

Møte i Vest-Telemarkrådet fylgjer vedteken årshjul. Møta rullerer mellom kommunane, og i møtet 14. mars var Vest-Telemarkrådet samla i dei nye lokala til det interkommunale barnevernet i Vest-Telemark.

Tett dialog med Fylkeskommunen 

Telemark Fylkeskommune er tett på Vest-Telemarkrådet, og kommunane har eige regionkontakt frå administrasjonen. I møta deltek varaorførar Hans Edvard Askjer saman med den administrative regionkontakta som er Therese Lahus.

Både politi, brann og barnevern

I møtet var både sak om utfordringar knytt til  brannvernsamarbeidet med nye krav til drift/opplæring og utstyr saman med saka om nærpolitireforma diskutert. Sidan møtet fann stad i dei nye lokala til barnevernsamarbeidet i Vest-Telemark, var også dette eit viktig tema i møtet.

Referat finn de i toppmenyen under saksdokument.

Back To Top