Vil du ta ei sentral rolle i å etablere framtidas tenester, og ha ei aktiv rolle i arbeidet med innovasjon og digitalisering for seks av Telemarks flottaste kommunar? FAKTA OM…

Arbeidet med rapporten knytt til eit mogleg meir forpliktande interkommunalt samarbeid i Vest-Telemark knytt til næring – reiseliv er godt i gong.
Gjennongong
Møtet vart nytta for å kvalitetssikre fakta-opplysningar, og gje innspel til EY før ferdig rapport føreligg.
Skal arbeidsgruppa lage ei eige tilråding?
Trine Riis Groven melder at fleire har meint at arbeidsgruppa ikkje bør lage eiga tilråding knytt til rapporten før dei sender den til styringsgruppa. Dette var oppe til diskusjon i møtet.
Konklusjon: arbeidsgruppa vil fylgje opp bestillinga – at leveransen er slik den vart bestilt. Eventuelt vil arbeidsgruppa kommentere rapporten når den sendast til styringsgruppa.
Framdriftsplan
Framover skal arbeidsgruppa sende rapporten til styringsgruppa, og seinare skal saka opp til orientering i Vest-Telemarktinget 25. april. Alle rapportane skal sendast til endeleg handsaming i kommunane, då etter at også lokaliseringsutvalet med ordførerane har uttala seg om aktuelle spørsmål knytt til lokalisering.
Tiltak | Ansvar | Start | Slutt |
Gjennomføring av tiltak | PL | 20.12.2016 | 01.04.2017 |
Møte i arbeidsgruppa, minikonkurranse | Leiar i arb.gr. | 06.01.2017 | |
Frist for levering av tilbod | Leveranørar m/rammeavtale | 17.01.2017 | |
Møte i arbeidsgruppa, val av leverandør | Leiar i arb.gr. | 24.01.2017 | |
Oppstartsmøte | Leiar i arb.gr. | 30.01.2017 | |
Fokusintervju | Leveranør | 27.02.2017 | 28.02.2017 |
Avklaring av leveransen – arbeidsgruppa | Leveranør | 14.03.2017 | |
Ferdig sluttrapport frå konsulent | Leveranør | 27.03.2017 | |
Sluttrapport, konklusjon/anbefaling sendast til styringsgruppa | 05.04.2017 | ||
Orientering i VT Tinget | PA | – | 25.04.2017 |
Handsaming i kommunestyra | Styringsgruppa | – | 01.07.2017 |
Iverksetting av vedtekne samarbeid | – | 31.12.2017 |