skip to Main Content
Møte  I  Referansegruppa  –  Interkommunalt  Samarbeid  I  VT

Det er kalla inn til møte med representantane for hovudtillitsvalde (HTV) og hovudverneombod (HVO) i prosjektet «Interkommunalt samarbeid i Vest-Telemark». Styringsgruppa i prosjektet fastsette i møtet 16. desember fygjande overordna framdriftsplan i prosjektet:

  1. PL kallar inn og førebur første møte i arbeidsgruppa.
  2. Agenda for fyrste møte i arbeidsgruppa:
    • Ferdigstille kravspesifikasjon og tildelingskriterier for minikonkurranse.
    • Dato for neste møte med agenda: val av leverandør og oppstart av utgreiing.
  3. Val av leverandør og oppstart
  4. Status i utgreiingsarbeidet – til PA (grunnlag til møte med referansegruppa).
  5. Møte med referansegruppa (m/ PA og PL) (mars)
  6. Møte i lokaliseringsutvalet.
  7. Avsluttande møte med konklusjon i arbeidsgruppa. Oversending av rapport til styringsgruppa
  8. Styringsgruppa samanstiller rapportane og konkluderer, og sender felles tilråding til kommunane.

Møte 24. mars med hovudtillitsvalde og hovudverneombod i kommunane

Hensikten med møtet er å informere om status og ha dialog kring prosessen med dei tillitsvalde. Det er Prosjektansvarleg (PA) og prosjektleiing som møter HVO og HTV i får kvar av kommunane. Møtet haldast i vakre omgivelser i Fyresdal næringshage – som nå også er husværet til Fyresdal kommune.

Agenda:

  1. Status frå arbeid i gruppene
  2. Dialog og tilbakemelding frå dei tilsette/tillitsvalde
  3. Vidare framdriftsplan og arbeid, og rolla til HVO og HTV i styringsgruppa.

Medlemmene i referansegruppa

 

Namn – Hovudtilltsvalde Namn – Hovudvernombod
Fyresdal Anne Mette Momrak Hilde Momrak (vara)
Kviteseid Gro Heidi Vestgarden Kristi Skare
Nissedal Ingrid Felli Sandåker Torbjørg Johansen
Seljord Vigdis Øverland Sigbjørn Tvitekkja
Tokke Anne Vadder Midtbø Gunn Siri Haugan Vindal
Vinje Liv S. Årlid Svein Ekre

 

Grunnlagsdokument

Prosjektdokument finn de på nettsida under: prosjekt/interkommunalt samarbeid i Vest-Telemark, eller ved å klikke her.

Back To Top