skip to Main Content
Styringsgruppa  I  ByR  Er  Stolte  Over  Gjennomføringa  Av  Vest-Telemarkkonferansen

Det har vore stor aktivitet i Vest-Telemark den siste tida. Ei av arbeidsområda vi har jobba med – er å etablere gode møteplassar for utvikling i regionen. Ein slik møteplass er Vest-Telemarkkonferansen. Etter at kommunane gjennom ByR sette av midlar til å gjennomføre ei utvida Vest-Telemarkkonferanse, ser vi mange positive effektar. Fokus på offentlege innkjøp og innovative anskaffingar har aktualisert meir samspel mellom offentleg og privat sektor. Dette er noko næringslivet etterspør, og kommunane er enige om at dette var ei satsing som har vore vellukka.

Fleire marknadskonferansar i VT

I kjølevatnet av denne satsinga, er det tatt initiativ til fleire marknadskonferansar, som danne grunnlag for offentlege anbod. Det er planlagt ei slik samling i Kviteseid, og seinare også i Fyresdal. I prosessen med utgreiinga for meir forpliktande interkommunalt samarbeid på næring og reiseliv får vi også innspel på at det næringlivet ynskjer at kommunane skal være opptekne av – er at dei nytter deira tenester i sine anskaffingar.

Erik Skjervagen er regionordførar i Vest-Telemarkrådet.

Møte i Au og næringskolegiet

Arbeidsutvalet i Vest-Telemark (AU) og næringskolegiet i Vest-Telemark har normalt møte på samme tid. Ei av hensiktene er at ein kan avklare saker, og når vi inviterer eksterne personar, er det mange gonger bra at fleire får møte dei samme personane.

Møte i næringkolegiet med påfylgjande møte i styringsgruppa for ByR i Vest-Telemark

Til møta i næringskolegiet deltek næringsansvarlege i kommunane saman med representant for næringslivet v/Vest-Telemark Næringforum. I tillegg møter sekreteriatet i Vest-Telemarkrådet. Til møtet 28. februar var også næringssjef i Telemark Fylkeskommune Audun Mogen invitert, og det er  vanleg at næringskolegiet inviterer andre deltakerar for å diskutere eit tema saman med Vest-Telemarkkommunane.

Saker i næringkolegiet

  1. Reiselivsorganiseringa i Telemark. Avklaring om kommunanes rolle og finansiering (m/Audun Mogen / TFK)
  2. Status i arbeidet  «Interkommunalt samarbeid»
  3. Kurs i søknadsskriving
  4. Aktuelt frå AU / VTR
  5. Ungt Entreprenørskap, v/Elisabeth Lid
  6. Eventuelt
    • Avsluttning av reiselivsorganiseringa i Telemark 1. mars (Ole reiser)
    • Nyhetsbrev og nettarbeid i VT – nyttig eller «nice to have»?
    • Organiseringa av Næringslivet – høringa av næringlivet og dialog med Trine.
  7. Neste møte

Referat frå møtet er her.

Reiselivsorganiseringa i Telemark

Hildegunn Rønningen, Gunhild Austjord, Gry Åsne Aksvik, Asbjørn Storrusten og Trine Riis Groven

På møtet var det diskutert anbodsarbeidet knytt til reiselivsorganiseringa i Telemark, TIN og kommunal finansiering. Audun Mogen frå Telemark Fylkeskommune opplyste om at dei ikkje deltek på møta i referansegruppa for å ikkje være ugilde i anbodet TFK skal ut med for kjøp av reiselivstenester. Siste møte i referansegruppa for organiseringsprosessen i Telemark er onsdag 1. mars, der Ole Dalen representerer Vest-Telemarkkommunane.

Utgreiing om interkommunalt samarbeid på næring og reiseliv

Ernst & Young v/Trine Riis Groven har i oppdrag å utgreie eit meir forpliktande samarbeid på næring og reiseliv i Fyresdal, Nissedal, Kviteseid, Tokke og Seljord. Arbeidet har møtepunkt både i ByR med næringshagemiljø, og reiselivsorganiseringa i Telemark. Sluttrapporten frå EY er klar innan 1. april 2017.

 

 

Back To Top