skip to Main Content

1. mars var det siste møte i referansegruppa for reiselivsorganiseringa i Telemark. Gruppa er samansett av ulike aktørar:

Agenda 1. mars 2017

 

Avvikle Telemark Reiselivsråd

Stein Birger Johnsen – leiar av Telemark reiselivsråd

Møtet var leia av Stein Birger Johnsen som innleia med historikk kring prosessen fram til i dag. Han peika på at det skal haldast generalforsamling i Telemark reiselivsråd, der det vil ligge forslag om å legge ned Telemark reiselivsråd som er organisert som ei forening. «No er mykje av intensjonen bak foreninga gjennomført, og det er derfor naturleg å avvikle Telemark reiselivsråd», seier Stein Birger Johansen.

Møte i generalforsamllinga

Årsmøte til Telemark reiselivsråd er planlagt 28. april, og haldast på Skien sportell. På dette møtet vart det også varsla at det vil leggast fram forslag til nye vedtekter i Visit Telemark.

LOA – Lov om offentlege anskaffingar

Sjølv om kommunane og fylkeskommunen og næringa no er enige om ein organisasjonsmodell, må bruken av offentlege midlar konkurranseutsettast. Det er mellom anna internasjonale forpliktingar som fastsett rammene for dette.

Eigil Rian, rettleiar fylkeskommunane og kommunane i prosessen i Noreg.

Fylkeskommunen har sett av 3.5 millionar i 2017

Fylkeskommunen har no sett av 3,5 millionar for kjøp av reiselivstenester. Midlane må konkurranseutsettast gjennom anbod, og ramma for anbodet er sett til ei avale om kjøp av teneste med varighet på 3 + 2 år, som tyder at ein skal kjøpe tenester i 3 år  med høve til å forlenge ytterligare 2 år.

Kommunane koordinerer sitt anbod gjennom rådsmannsutvalet

Eigil Rian bistår både fylkeskommunen og kommunane med anbodsprodessen. Han rettleier Skien kommune ved rådmann Ole Magnus Stensrud, som saman med leiar i rådmannsutvalet i Telemark koordinerer ein felles prosess for alle kommunane i Telemark. Den felles anbodsprosessen er avklart og koordinert i rådmannsutvalet, der rådmann i Tinn kommune, Rune Lødøen – er leiar.

Norske Fjell – nytt selskap i Noreg

I innleiinga til Eigil Rian, vart det også informert at det vert jobba med å skipe eit nytt selskap i Norge kalla «Norske Fjell», og dette er planlagt å presentere på Storefjell 9. mai i år. Dette selskapet vil være prosjektbasert, og tilby tenester for fjell-destinasjonar i heile Noreg.

 

Framdrift på anskaffinga for kommunane i Telemark

Eigil Rian legg fram førebels framdriftsplan for anbodet for skaffinga.

Framdrifta i prosessen er under utvikling, men referansegruppa fekk framsynt framdriftsplanen slik den føreligg i dag. Rådmennene har fått informasjon på e-post om denne prosessen.

Planen er at kommunane ligg «litt etter» Telemark fylkeskommune, slik at ein kan dra nytte av erfaringane og sikre beste utfall i anskaffinga. Kommunale vedtak om å delta i «Telemarksmodellen» og økonomisk forplikting knytt til denne følger prosessen, og aktuelle ressurser delast mellom kommunane med bistand frå Eigil Rian.

Referat frå møtet

Referat frå møtet kan de laste ned her.

 

 

Referansegruppa – reiselivsorganiseringa i Telemark møte 1. mars 2017
Back To Top