skip to Main Content

Sak frå VTB 24. februar 2017

Hilde Alice Vågslid (Ap) ynskjer ikkje lenger å ha vervet som styreleiar i Dalen næringshage.

– Det er ikkje nokon vidare dramatikk i dette. Då eg sat som ordførar og var politikar på heiltid var det litt enklare å vere tett på. No føler eg ikkje at eg har kapasitet til å vera så nært prosjektet som eg ynskjer. Eg føler nok heller ikkje at eg den siste tida har blitt orientert i stor nok grad om kva som skjer med næringshagen, seier Vågslid.

– Skuffa over prosessen

Ho fortel at målet opphavleg var å kome i gang med bygginga av næringshagen på Dalen hausten 2015.

– Det var Scana Mar-El som tok kontakt tidleg i 2014. Dei hadde behov for meir plass og det var då tanken om ein næringshage på Dalen skaut fart. I den seinare tida har det vore fleire årsaker til at planane har stoppa meir eller mindre opp. Eg er skuffa over at prosessen ikkje har kome lenger, forklarer den tidlegare Tokke-ordføraren.

Ho legg til at ballen no ligg hjå eigedomsselskapet og Scana Mar-El.

Skjer truleg lite før sommarferien

Jarand Felland (Sp), ordførar i Tokke, seier at han ikkje reknar med at det skjer noko særleg i saka før nærare sommarferien.

– Med tanke på at Scana Mar-El på Dalen blei kjøpt opp av Brunvoll, vil det nok ikkje skje noko før den transaksjonen er gjennomført, seier Felland, og legg til at han truleg blir den nye styreleiaren i Dalen næringshage.

Administrerande direktør i Scana Mar-El på Dalen, Bjønn Tveito, seier at det nye eigarskapet må på plass før det vil skje noko meir i næringshagesaka frå deira side.

– Intensjonane våre er klare, og me ynskjer å gå vidare i arbeidet med næringshage. Men det er naturleg nok andre saker som står høgare på saklista no og dei næraste månadane. Truleg kan eg seie meir når me nærmar oss juni eller juli, fortel Tveito

Det er verdt å merke seg at alle dei tre partia som er representerte i Tokke – Ap, KrF og Sp – har næringshage på Dalen som eitt av satsingsområda sine i partiprogramma.

Back To Top