Vil du ta ei sentral rolle i å etablere framtidas tenester, og ha ei aktiv rolle i arbeidet med innovasjon og digitalisering for seks av Telemarks flottaste kommunar? FAKTA OM…
Bakgrunn
Kommunane i Vest-Telemark har gjennomført eit forprosjekt knytt til kommunereformen.
Forprosjektet har hatt fokus på utgreiing av fordelar og ulemper ved gitte endringar i kommunestrukturen i regionen.
I tillegg omfattar forprosjektet drøfting av fordelar og ulemper ved ei vidareføring av dagens kommunestruktur med forplikting om meir interkommunalt samarbeid.
På grunnlag av dei politiske vedtaka, er det utarbeidd prosjektspesifikasjon og tiltaksplan for det vidare arbeidet ( auka interkommunalt samarbeid), og det er sett ned arbeidsgrupper innafor fylgjande område:
- IKT
- Økonomi – løn – skatt – rekneskap
- Landbruk – utmark – jord – skog – miljø
- Næring – reiseliv
- Kompetansebygging kraftsaker
- Lokalisering
I arbeidsgruppene sit representantar for dei deltakande kommunane.
Workshop 21. februar 2017
Det var invitert til workshop på Straand Hotel 21. februar 2017 for dei tilsette på økonomi. Program for dagen:
- Bli kjendt-runde
- Innleiande oriengering frå Telemarksforsking om bakgrunnen og føremålet med arbeide i prosjektet
- Orientering/informasjonssekvens frå Anne Rudi, leiar av FØNK
- Orienteringfrå kommunalsjef Jarle Olsen, Nissedal – om erfaringar frå felles drift og samarbeid på løn o gskatt mellom Kviteseid og Nissedal
- Lunsj
- Intro til gruppearbeid
- Gruppearbeid – to rundar; ein per fagområde og ein kommunevis
FØNK
Anne Rudi frå samarbeidet FØNK i Numedalskommunane fortalte om erfaringane dei har frå etableringa av sitt samarbeid
- § 27 samarbeid – verskapsmodell
- Vertsskapsmodell B – opprettholder arbeidsplasser på alle kontoerene, en arbeidsgiver, ein leder.
- Styre: rådmennene.
- Økonomiske effekter: økt driftsramme pga nye moduler. Reduksjon med 1,5 stillinger (15%)
Organisering – FØNK
9, 3 stillinger. Betaling for tjenesten blir fordelt med 400′ per kommune som grunnlag, og resten basert på aktivitet. Selv om kommunene er ganske like store, ser vi at det er forskjell på aktiviteten i kommunen. Lokalisering: Folk for sitte å jobbe der de hører hjemme. Evaluering i 2010 – det er ingen som vil tilbake til der vi var.
Anne Rudi, leiar for Fønk -Felles Økonomifunksjon i NumedalsKommunene | Organisering i FØNK | Anne Rudi forklarer kor dei tilsette jobber og samarbeider. |
Felles skatteoppkrever i Kongsbergregionen:
Sitt sentralisert – men no ser dei på løysing der dei tilsette kan sitte desentralisert
Nissedal – Kviteseid
Informasjon med Jarle Olsen. Dei to kommunane har samarbeid på lønn og skatt mellom dei to kommunane.
Løn
Kommunikasjon med dei tilsette i organisasjonane er ikkje krevjande, for det meste skjer på mail og telefon. Ingen faste dager med oppmøte, dette skjer på forespurnad. Det einaste er lønsforhandling. Det er to tilsette på lønn, som er stasjonert i Nissedal. Det er to deltids-stillingar, og dette gjer det mindre sårbart i feriar og dei kan samarbeider overlappande ved trong. Fordelar ved faglege spørsmål, og ved endringar av fagsystem og nye retningsliner.
Skatt
1,2 stilling gjekk til 1 stilling. Stillinga er plassert i Kviteseid. Det er små/ingen endringar for Kviteseid – for Nissedal gjekk overgangen greitt. Seinare gjekk skatteoppkrevinga også over til Kviteseid. Sårbarheten er større, sidan to kommunar no er avhengig av ein person.
Innsparing: det er effektiviseringsgevinst på oppdatering på fagområdet til dømes.
Arbeidsgjevarkontroll
Nissedal har valgt å gå inn i dette med Agder, noko som dei er fornøyd med både på pris og kvalitet.
Felles økonomisamarbeid – Andebu og Lardal
Erfaring frå Ole Svere Lund, tidlegare rådmann i Andebu. Samarbeidet vart etablert i 2006. Starta med trong for rekruttering av økonomiskjef i Lardal. Lardal 2400 innbyggere Andebu ca 6000 innbyggere. Larvik var aktuell, men Lardal kom fram til at Larvik vart for stort miljø. Det vart etablert ei samarbeidsavtale med en SLA (service level agreement) mellom Lardal og Andebu – dette for alle økonomi-funksjonane. Alle dei tilsette vart flytt til rådhuset i Andebu. Problem: for lite nærhet i Lardal – dette vart justert med å sette fast oppmøteplikt for økonomisjefen i Lardal. Konklusjon: dette vart eit anna økonomikontor, sårbarheten vart redusert, og ein vart meir robust i feriar m.m.. Det vart auka trivsel blant dei tilsette, og også den faglege delinga førte til at kvaliteten og fagnivået vart høgare sidan dei tilsette lærte mykje av kvarandre.
Gruppeoppgåver:
Arbeiedsverkstader 1. økt – gruppeinndeling
- Fyresdal
- Kviteseid
- Nissedal
- Seljord
- Tokke
Arbeidsverkstader 2. økt – gruppeinndeling
- Skatt/kommunal innfordring
- Lønn
- Rekneskap
- «Økonomisjefoppgåver» og innkjøp
Konklusjon og oppsummering
Spørjeundersøking
Klikk her: http://www.survey-xact.no/answer?key=M3YAYHJ2CZ19
Me ser gjerne at du svarar på undersøkinga innan fredag 3. mars kl 12.
På førehand mange takk for respons!
Med helsing
Kjetil Lie, Telemarksforsking
lie@tmforsk.no – 975 23 640