skip to Main Content

Avklaring på anbodsprosessen

Etter ei tid med litt uklarhet knytt til korleis anbodet frå TFK vert utforma fekk vi denne meldinga 14. februar frå fylkesrådmannen:

Da det kan ha virket noe uklart om i hvilken form vårt anbudsdokument blir utformet kan jeg opplyse om følgende:

Av hensyn til tid og økonomi (viktig for den aktør som får anbudet å komme raskt i gang med hensyn til forestående sesong) har Telemark fylkeskommune ikke lagt inn opsjon på at kommuner kan knytte seg til avtalen.

Vi er informert om at dere samarbeider om et felles løp for flere kommuner og synes dette er en god løsning.

Ta gjerne kontakt ved spørsmål til saken.

Med vennlig hilsen
Evy-Anni Evensen

Telemark fylkeskommune sitt anbodsdokument

I midten av veke 8 legg fylkeskommunen ut sitt anbod. Grunnlagsdokumenta kan nyttast av kommunane som eit grunnlag for den paralelle anbodsprosessen.

Rådmennene i Telemark

Sidan det nå vert to paralelle anbodsprosessar, er det nyttig å syte for at kommunane har ein felles anbodsprosess. Rådmann Ole Magnus Stensrud i Skien kommune har tatt «lead» på prosessen med å kjøre anbod på vegne av alle kommunane. Dette har Rune Lødøen (leiar for rådmannsutvalet i Telemark) og Ole Magus Stensrud fått avklart med rådmenne i møte på Straand Hotell 7.-8. februar.

Rådmennene i Vest-Telemark er kjendt med prosessen fram til ei avklaring 14. februar, og fekk informasjon frå undertegna i lunsjen etter møtet i Vest-Telemarkrådet 14. februar.

Vi ser fram til å få landa desse anbodsprosessane og fastsette organiseringa i heile Telemark framover.

-Ole Dalen, Vest-Telemarkrådet

Back To Top