Det nye Vest-Telemarktinget var samla i Treungen til sitt fyrste møte 10. desember 2019. Møtet starta med ein presentasjon av alle tingmedlemmar og administrasjonen i rådet. Det var fleire viktige saker for regionen…
- Stad: Granvin kulturhus, Seljord
- Dato: Tysdag 14. februar 2016
- Kl. slett: 09.00
Vest-Telemarkrådet får innleiingsvis ei orientering frå fylkesdirektør i NAV, Terje Tønnessen, med fokus på kontorstrukturen og arbeidsmarknadsbedriftene.
2 av sakene som står på dagsorden gjeld veg, nærare bestemt innspel til handlingsprogrammet i Nasjonal Transportplan 2018 – 2021/23, samt forslag til vidare arbeid for å oppgradere vegstrekningane som inngår i den såkalla ”Telemarksvingen”.
Rådet vil også drøfte mogleg etablering av eit regionalt ungdomsråd.
Av orienteringssaker kan vi nemne:
Oppdatering rundt prosjektet ”Interkommunalt samarbeid i Vest-Telemark”, skjønnsmidlar 2017, ny organisering av etablerertenesten, invitasjon til samarbeid innan arbeidsgjevarkontroll, samt orientering om breibandsmidlar 2017.
Lyntogforum
Vi minner om møtet i Lyntogforum som finn stad etter lunsj denne dagen, og ynskjer vel møtt på Granvin Kulturhus 14. februar !
Saksdokument
Saksdokument til rådsmøte finn du med å gå på lenka «saksdokument» heilt øverst på nettsida eller gå rett til innkallinga her.