skip to Main Content

Vi er stolte av møteplassen vi har i Vest-Telemark-konferansen. I år har vi også utvikla den videre til å bli en mer aktiv utviklingsarena med det aktuelle temaet: Anskaffingar, drivkrafta for Vest-Telemark si utvikling?

Vest-Telemarkkonferansen som utviklingsarena

Torsdags morgon venta det mail på undertegna og regionrådsleiaren som var som følger:

Takk for fantastisk inspirasjon, gode talarar og godt innhald. Eg har vore på ein del nasjonale slike, og denne her var betre, meir konkret og på ein måte meir autentisk.

Det som eg kan oppsummera som betydning for meg, det er inspirasjon, mot og energi til å stå på vidare for at kommunane skal koma ut av ei leverandørbinding som er uheldig for kommune og innbyggjar. Når så mange seier det same så er det noko i det! Tenkjer da spesielt på dette rundt innovative anskaffingar, men alle på scena ga bodskap som støttar opp under at endring må til for å endra, at ein må tenkje både lite og stort samstundes osv. Om det er sylvsmed, handlar om olje og geiter eller kjem frå fylkesordførar, alle er inne på dei same tinga, med visjon, samarbeid, forankring og brei kompetanse kan ein få til det utrulegaste.

Takk igjen!

Helsing frå Torbjørn

 

Back To Top