skip to Main Content

Vest-Telemarkrådet finansierer Vest-Telemarkkonferansen i sitt driftsbudsjett. Det er eit årleg arrangement med stor oppsluttning i privat og offentleg sektor.

Sidan 2004

Åpning av Vest-Telemarkkonferansen, Karl Torstein Hetland i Vest-Telemark ressursenter
Karl Torstein Hetland, Vest-Telemark ressursetner

Vest-Telemark Konferansen starta i 2004 og har utvikla seg til å bli ein sentral møteplass for politikarar, privat næringsliv, offentleg tilsette og organisasjonar. Kvart år tek ein opp eit tema som er viktig for regionen.

  • Alle konferansane blir avslutta med ein middag.
  • Vest-Telemark Konferansen er open for alle interesserte

Vest-Telemark Konferansen 2017 var arrangert onsdag 1. februar 2017.

Samspel med yrkesmessa på Dalen

Vest-Telemarkkonferansen er eit samspel med  Vest-Telemark Videregåande skule, og yrkesmessa som haldast kvart år på Dalen. Fram til 2017 har desse to arrangementa vore på same dag. Det er tette band også til Yrkesmessa på Dalen, som Vest-Telemarkrådet også støtter med tilskot i sitt budsjett.

2017 – utviding av programmet

Kristin Vedum, Silva Conslult AS

Som eit ledd i ByR 2017, er Vest-Telemarkkonferansen utvida med eit lengere program i 2017. Sidan fleire aktørar er aktuelle både til yrkesmessa på Dalen og som deltakerar på VT-konferansen, vert arrangementa gjennomført over to dagar, 1. februar – VT-konferansen, og 2. februar – Yrkesmessa på Dalen.

Program 2017

Program for Vest-Telemarkkonferansen kan du laste ned her: Konferanseprogram 2017 VTkonferansen.

Deltakerane 2017

Du finn deltakerliste for dei påmeldte på konferansa her: Deltakarliste 2017

Back To Top