skip to Main Content

Det vert skipa til nettverksmøte i næringskolegiet i Vest-Telemark med jamne mellomrom. Ein til to gonger i året møtast nærings- og reiselivsansvarlege i samme møte for å oppsummere sesongen, og planlegge felles aktivitetar framover.

Oppsummering av sommer-sesongen 2016

Under er oppsummering som kom fram i møtet i korte trekk (henta frå møtereferatet du kan laste ned i sin heilskap under).

Dalen

God sesong, noko mindre aktivitet på turistkontoret grunna flytting og noko manglande telle-rutine. Mest nordmenn, Nederlenderar, Tyskland og nabolanda. Dalen Hotell har hatt auke i omsetninga, det same har Henrik Ibsen. Auke i Telemarkskanalen, noko lågare sharter-turistar. VTM i Eidsborg 14.209 besøkande i 2016 mot 16.346 besøkande i 2015. Ca 3.000 besøkande på brygga, god omsetning på kunstutstillinga på brygga.

Talet på bubilparkering i 2016: 280 bubilar , 100 båtar på brygga. Åpningstur på Lårdalsstigen 130 betalande på lårdalsvegen i regi av Lårdal vel som vedlikeheld turløypa.

Tur til Rui: 10.144 personar gjekk denna – nyttast av både fastbuande og turistar.

Kviteseid

Kviteseidbyen, gjestebrygge og universell turveg, hadde mykje besøk – men det er ikkje tallfesta grunna mykje aktivitet i sommerkaféen på brygga. Estimat på antal besøkande er at ein har dobla talet på besøkande. Butikkane i sentrum hadde 50% auke av omsetninga i juli. Norsk skieventyr har ny dagleg leiar Kristen Marie Tveit. Morgedal hotell har nye eigerar, og åpner ordinær hotelldrift på heilårsbasis: Hallgeir Sørli frå Moss/Sandefjord. Ny etablering i Vrådal Espen Rud, m/sykkelutleige og sportsutstyr. 2016 har vore ein god sesong for næringslivet også i Vrådal.

Kanalen

Det har vore 9% auke frå 2015-2016 med ordinær rutetrafikk. Aktivitet langs kanalen (sykling, vandring, padling, fiske osv) er et av satsingsområdene til Regionalparken, men at det er vanskelig å måle alle desse ulike aktivitetane.

Fyresdal

Det har vore ein merkbar auke i trafikken og besøket i sommersesongen i 2016. Mest Nederlenderar og Tyskerar på turistinformasjonen. Hauggrend camping har hatt besøk frå Kina og andre fjerntliggande land grunna god marknadsføring på nett. Fyresdal jobber med å ha arrangement: Skeide – peiker på historia frå Fyresdal med hest i fokus. Arrangement på flyplassen: dragster, modellfly – som igjen skaper paralelle aktiviteter som konsertar.

Seljord

Dyrsku´n 200.000 besøkande, er veldig fornøyd. Aktiviteten har vore som normalt. Mange besøkande i sjøorm-tårnet, og noko auke på campingplassane. Bubilturistane er ei ny type turist som er mindre mobile når dei besøkar kommunane. Ein ynskjer å finne måtar å transportere og legge tilrette for desse med å utvikle konsept. Seljord har testa tilrettelegging for camping-besøkande med busstur til Kviteseid for å oppleve «Elisabeths mote» og Bryggecafeen slik at dei besøkande får ei betre oppleving av besøket. Andre næringsdrivande som Nutheim og Telespinn smarbeider med «strikketurar». Dette er døme på positiv utvikling som vi ser skaper næringsutvikling.

Vinje

På sommaren er det mykje vandring som bidrar til høg aktivitet. Mjonøy og «vasseventyret» (turveg) er også mykje besøkt. Haukeli hotell melder om høg aktivitet i 2016. Nytt i 2016 var besøket på Vesåsheimen, som har vore godt besøkt. Akademiet i Rauland har også stor aktivitet i sommar. Ein satsar på vandring generelt, og ein jobber med skilting både i Rauland og Vågslid. Det er hyttefolk som nytter området i stor grad. Arrangement: Helteløpet og Raulandsdag. Vandringstud: Falkeriset 15-16.000 besøkande.

Vandre Telemark

Det har vore ein god sesong. Der det har vore bøker som vandrerane skriv seg inn i og tellinger, er tilbakemeldinga at det er enormt stor aktivitet. Det meldast som at «vandring er inn». Det er nye grupper som norske familiar som blir ein del av vandre-segmentet. Tri destinasjonar som utmerker seg: Dalen, Vrådal og Rjukan. Dette har samanheng med aktiv marknadsføring av turistsjefar og næringslivet. Straand hotell og Dalen hotell er dei einaste som sel «vandre pakker». Dei har auke i omsetning av desse pakkene i 2016. Det er ikkje guiding på turen men på Dalen er det tilrettelagt med båt/buss/guida museum. Noko anna: dei som kjem for å vandre, har kjennskap om ein eller fleire turar når dei kjem til regionen. Facebooksida er mykje besøkt – og marknadsføringa har god effekt. Miniguiden er fortsatt viktig, og den delast ut ved «vandre-velkommen-bedrifter» slik at dei som får miniguide får utfyllande informasjon frå kjendtfolk. Lårdalstigen er så mykje besøk, at det er dialog med Telemarkskanalen at ein kan opprette eit fast anløp. Det tidspunktet som har størst potensialet er haust og haustfeier – god effekt av marknadsføring.

Nissedal

Treungen har hatt lågare besøk på turistinformasjonen, men dette kan skyldast feil i tellinga. Det virker som det er meir besøkande i sentrum, og det er grunn til å tru at det er ei auke.

Arrangement: «Telemarks tøffaste», «Skuggenatten opp», Treung festivalen (all time high) med rusfritt ungdomsarrangement (4000 personar på Markus og Marinus), «Nissedals-dagen» (nedgong), pop-up-café hadde stor sucsess. Gjestegiveriet ligg ute for sal. Turistinfo.: Felle, Fjone og Treungen. Jettegrytene i Nissedal er kjendt i heile Norge, og det er svært stor aktivitet her. Sykling og Canvas: Auka talet på sykelistar i Heimdals-området, og det er noko potensiell konflikt med slitasje og eklusivitet fro Canvas Hotell. Fakta rundt finansiering av tilrettelegging: Det kjem ikkje inn nok økonomi som dekker det nødvendige vedlikehaldet på turiststiane.

Last ned Møtereferat 24.01.2017.

Back To Top