Rammeavtale om leveranse av reiselivstjenester Kommunene inngår rammeavtale med Visit Telemark om leveranse av reiselivstjenester. Avtalen har en totalverdi på kr 3.500.000. Beløpet den enkelte kommunen betaler avhenger av…
Næringskolegiet i Vest-Telemark 24. januar 2017
Næringskolegiet i Vest-Telemark møtast i nettverk med jamne mellomrom. På agendaen 24. januar var mellom anna prosessen med organiseringa av reiselivet tema. Konklusjon frå møtet:
Vi ynskjer klarhet i organiseringa av Visit Telemark. Kalle inn Audun Mogen til neste møte i næringskolegiet, TFK.
Ole kontaktar Mona Birgitte R. og høyrer om kva som skjer i TFK ang. finansiering.
Last ned Møtereferat 24.01.2017
Møte med Mona Birgitte, Geir, Rita og Audun 25. januar
Etter å ha deltatt på Kick-off i Telemark Online på Skagerak arena, avtalte undertegna møte med TFK for avklaringar.
I møte med Mona Birgitte Rasmussen vart mykje avklart. Prosessen framover er slik:
- 9. februar er dette sak i hovedutval for næring med forslag om finansiering av den nye reiselivsorganiseringa med eir ramme på 3.2 millionar kroner.
- 10. februar er det planlagt å legge ut ei utlysing på kjøp av tenester i tråd med forlaget som føreligg med ei varighet på 3+2 år. Det er nokon forbehold som vert konkretisert i saka til hovedutvalet for næring. Utylsinga må ut på DOFFIN og TED, og har ei svarfrist på 45 dagar + 10 dagar karenstid. Det leggast opp til at kommunane får delta med opsjon i denne utlysinga, slik at kommunane ikkje treng å gjennomføre eigne anbod men deltar i TFK si utlysing. Juridiske spørsmål som eigarskap til merkevare Telemark og om kommunane og fylkeskommunen sitt eigarskap til Visit Telemark er til hinder for gjennomføringa avklarast på førehand.
- 1. april vil anskaffinga være gjennomført, og vil efektuerast – med atterhald om forsinking grunna eventuelle klager eller andre uforutsette hendingar i innkjøpsprosessen.
Kva med TIN?
Eit viktig spørsmål for kommunane i Vest-Telemark, er om innskuddet til TIN (Telemark Interkommunale Næringsfond) fortsatt skal finansierast – eller om den nye kostnaden for reiselivsorganisering dekker alle kostnadane. TIN nyttast slik i dag: 30% til Telemarkskanalen, 40% til Visit Telemark og 30% søkbare midlar til andre prosjekt.
TFK sin kontaktperson/sekretariat for TIN er Geir Sørum. Han melder at spørsmålet vil lyftast til styreleiar i TIN, og at saka vert jobba med internt i TFK framover. Målsettinga er å ha avklart dette innan neste møte i næringskolegiet i Vest-Telemark 28. februar.
Nyttig å vente med politisk handsaming til etter 28. februar i kommunane
I møta fekk vi stadfesta at det er forståeleg at kommunane i Vest-Telemark ikkje har handsama saka om ny reiselivsorganisering og finansiering i påvente av kva som skjer i TFK. Det er derfor ei gjensidig målsetting for fylket å ha svar på spørsmåla om finansiering frå TFK, anbodsprosessen og TIN før kommunane handsamer saka. Kommunane vil kunne forvente at dette er avklart til neste møte i næringskolegiet i Vest-Telemark.
Besøk av Audun Mogen
Audun Mogen melder at han gjerne kjem på møtet i Vest-Telemark 28. februar (med eit lite atterhald), og at han då også gjerne vil diskutere vidare arbeid med bruk av utviklingsmidlar (rammer og søknadsfrister) og aktualisere tema som regionale partnerskap i møtet.
Helsing til Telemark Fylkeskommune
Takk for god dialog, og åpne armar når vi kjem til «byen» frå Vest-Telemark!
Helsing, Ole Dalen – Vest-Telemarkrådet