Ja, nå er programmet slutt. Dette har vore ein flott arena til å dele kunnskap og erfaringer, få nye verktøy, skape relasjoner og bygge nettverk. «En avslutning er begynnelsen på…
Ledige bustadar til leige og kjøp er viktig for å ha levande bygder. Etter fleire initiativ frå personar som har sakna tilbod og etterspurt ledige hus og bustadar, valgte vi å etablere ei Facebook-side for deling av ledig eigendom i Vest-Telemark. Sida har vore administrert av Telemark Næringshage fram til no, men framover vil den leve eit dynamisk liv for dei som har ynskje om å bli meir synleg på Facebook.
Status per i dag
Gruppa på facebook har per i dag 760 medlemmer, og er offentleg og åpen.
Det er i gjennomsnitt mellom 5 og 10 nye innlegg/eigedommar per mnd.
Mange av eigdomane og forespørslane gjennom gruppa ligg ellers ikkje ute på finn.no eller andre nettsider, men nokre av desse er annonsert i VTB.
Vi ser at det er ca lik fordeling mellom ”hus til sals/leige” og ”vi ynskjer å kjøpe/leige”.
Framover
Vi let denne gruppa leve sitt eige liv framover, men vi vil ha eit auge med ho i ny og ne. Vi oppfordrar alle til å dele denne aktivt, og minne andre på å dele ho.
Vi håper du vil like og dele eigendom, og syte for eit endå betre tilbod av husvære i heile den vakre regionen vår!