Ja, nå er programmet slutt. Dette har vore ein flott arena til å dele kunnskap og erfaringer, få nye verktøy, skape relasjoner og bygge nettverk. «En avslutning er begynnelsen på…
Vest-Telemark 19. januar
Telemark Online Kafè er eit initiativ med dobbelt fokus:
- Bruke næringshagemiljøa for å lage møteplassar for omkringliggande verksemder
- Etablere eit lokalt arbeid for satsing på nett i Vest-Telemark i samspel med kompetansenettverket Telemark Online
Telemark Online + Telemark Online Kafè = Sant
Kommunane i Vest-Telemark har vore opptatt av at næringslivet og offentleg ansatte i regionen skal få nytte av kompetansen i Telemark Online. I 2015 var det berre næringsdrivande som fekk delta, og i 2016 kunne også offentleg tilsette søke om deltaking. Dette har ført til at fleire har deltatt også frå Vest-Telmark, medan andre har trengt meir tid til å «møgnast». Nærhet til nettverk og spisskompetanse er ei utfordring i vår region, med begrensa miljø i eit stort geografisk område. Nå jobber kommunane med å utvikle næringshagemiljø som eitt av tiltaka for å styrke næringslivet i heile regionen, mellom anna gjennom satsinga «ByR Vest-Telemark». Ein av målsettingane er å nytte næringshagemiljøa som ein møteplass også for omkringliggande næringar. Dette er bakgrunnen for ideen om å etablere Telemark Online Kafè i Vest-Telemark.
Initiativet er samspel med det pågåande Telemark Online prosjektet, og er ei knoppskyting av dette. Initiativa utfyller kvarandre, og har forskjellige program. Telemark Online kafè er tenkt å bli ein delingsarena der aktørane kan møtast for å lære, dele og jobbe i nettverk.
Program for våren 2017
Dette kan utvikle seg til ein arbeidsform for lokalt næringsliv i Vest-Telemark
For å prøve ut ulike tilbod, er det to forskjellige online- kaféar, ein på dagtid og ein på kveldstid. Dette fyrste programmet varer frå januar til juni 2017. Målsettinga er å få desse møteplassane til å bli varige nettverk, og kanskje utvikle seg til ein arbeidsform for verksemder i Vest-Telemark som ynskjer å dele erfaringar og jobbe saman for å styrke nettverk og kompetanse.
Progam, Telemark Online Kafè våren 2017
Fullt hus på Kick off 19. januar
Fyrste samlinga i Kviteseid var for alle påmeldte. Edison Wolfram hadde innlegg om kva som er viktig å forstå for å lykkast på nett gjennom innlegget: «digital synligheg gjennom strategisk tydelighet».
Det var over 35 påmeldt til samlinga, og det møtte endå opp fleire som «drop-in» deltakerar. Dette er noko av hensikten med Telemark Online Kafé, at du kan «droppe innom» på ei samling å sjå om dette er «noko for deg». Du burde stikke innom ein gong – om du har lest såpass langt ned her i artikkelen…
Kven står bak?
Det er Vest-Telemark kommunane gjennom ByR-programmet og samarbeid med Telemark Online som står bak tiltaket.
Facebook veit det meste..
Om du vil finne oppdatert informasjon om arbeida, er det best å sjekke facebook. Klikk under, så slepp du å leite:
Velkommen
Vi gler oss til å sjå utviklinga til deltakerane, og ynskjer alle som vil innom for å sjå – hjarteleg velkommen!!
Oppdatering – talet på deltakerar:
Påmeldte i Kviteseid: 20 stk
Påmeldte i Fyresdal: 15 stk
Hugs, det er alltid plass til «drop-in»!