skip to Main Content

Har du ein gründer i magen?

I Telemark har alle kommunane ei førstelinjeteneste som er gratis og som vil gje deg gode råd slik at du kan gå frå idé til ny verksemd. Du finner informasjon om tenesta for heile Telemark på www.etablererkontoret.no

Kommunane har kvar sine lokale leverandørar, og i Vest-Telemark er det Telemark Næringshage AS som har denne tenesta.

Første kontakt og kartlegging:

Vi vil levere tenesta på tvers av den varierte kompetansen våre rådgjevarar har, – men Thomas Berstad har overoppsyn for tenesta, og første kontakten med etablerarane.
Vi vil legge vekt på at den første kontakten, enten på telefon, epost eller drop-inn blir veldig imøtekommande, men at vi hentar inn mest mogleg informasjon fra etablaren, slik at vi kan hjelpe mest mogleg effektivt.
Ein del av den første kontakten blir nytta til å registrere/ kartelegge behov ved hjelp av denne lenka: (Det tek 5 – 10 minutt å fylle ut)
Kartlegging av etableringa di

Etablerarkartlegging: https://no.surveymonkey.com/r/etablerarkartlegging

Denne er laga for at vi skal kunne hjelpe deg som etablerar mest effektivt.
Dersom nokon ikkje har tilgang på pc, så får du hjelp til å fylle ut.
Basert på denne kartlegginga vil vi fordele etablerarane mellom rådgjevarane våre, basert på erfaring og kompetanse.

Hjelpa

Etter at kartlegginga er gjort så avtalar vi saman med etableraren, vegen vidare for kontakten.
Her vil vi gjere kontakten så individuelt tilpassa som mogleg. Nokre vil foretrekke eitt møte, andre treng kanskje råd over telefon eller epost.
Denne delen av tenesta ser vi føre oss å levere innanfor to veker frå første kontakt, med mindre etableraren ønsker anna, eller har særskilte behov.

Tid til kvar?

I gjennomsnitt har vi ca 3 timer tjeneste per etablerar.
Men det er viktig å framheve at ved trong vil vi ha meir tid til dei som treng det.

Oppfølging:

Alle etablererar vil få oppfølging etter 3 månader. Her vil vi prøve å yte litt meir hjelp dersom nokon fortsatt står «heilt fast».

Kontakt:

Etablererkontoret i Vest-Telemark
levert av Telemark Næringshage AS
Kviteseidvegen 18, 3850 Kviteseid
Telefon: 359 01 190

 

Drop-in kontor

I tillegg startar vi opp med drop-inn kontortid lokalt i kvart kommunesenter, ein dag annakvar veke:

  • Seljord: Fra Tirsdag 24 Januar – 10:00 – 14:00 – annakvar veke.
  • Fyresdal: Fra Onsdag 25 Januar – 10:00 – 14:00 – annakvar veke.
  • Nissedal: Fra Onsdag 25 Januar – 10:00 – 14:00 – annakvar veke.
  • Kviteseid: Fra Tirsdag 1 Februar  – 10:00 – 14:00 – annakvar veke.
  • Vinje: Fra Onsdag 1 Februar – 10:00 – 14:00 – annakvar veke.
  • Tokke: Fra Onsdag 1 Februar – 10:00 – 14:00 – annakvar veke.

Vi er sjølvsagt å treffe i kommunesentra på andre tider etter avtale, eller i Telemark Næringshage kvar vekedag.

Etablerertenesta i Telemark Næringshage. Frå venste: Helena Gjersund, Thomas og Svein Foldøy

Første etablerar i 2017 har tatt kontakt

Vi er stolte av at vi fekk vår første henvendelse frå ein etablerar i Vinje, i dag Torsdag 5 Januar.
Her vil vi bistå med å få hjelp til å finne ut om stønad til driftsbygg og opplæring.
Back To Top