Innbyggjarundersøking: Klikk her Fritidsbustadundersøking: Klikk her Gjesteundersøking: Klikk her
Når ein skal være fleire selskap som deler møterom, og førebuing med mat og kaffi skal tingast, treng ein eit godt system. Vi i Vest-Telemark har sett opp vårt eige system, og løysinga krev berre datamaskin med internetttilgong, og brukernavn og passord for å administrere.
Du ser møtet på skjermen
Møteromma vert booka, og møta visast på skjermar ved inngongane. Så langt er det berre Kviteseid og Fyresdal som har denne løysinga, men vi tenker at denne kan nyttast av andre næringshagemiljø i Vest-Telemark.
Er møtet booka?
Om du lurer på om møtet ditt er booka i ein av næringshagane, får du oversikt her: http://infoscreen.nc-spectrum.no
Det er Espen Valseth i nc-spectrum som har utvikla løysinga.
Treng du å booke møterom?
Det er fleire som har tilgong til å booke møterom, men ein må ha brukernavn og passord for å booke. For å booke møterom, finn de kontaktinformasjon her:
- Fyresdal: http://fyresdalnaeringshage.no/kontakt/
- Kviteseid: http://www.telemarknh.no
Eller ta kontakt med ein av aktørane i næringshagemiljøa som har tilgong – der Vest-Telemarkrådet er ein av dei.