skip to Main Content

Det er ikkje opplagt at vi har lik oppfatting av kva ein legg i  næringsutvikling, utviklingsaktør, næringsutviklar og forskjellen på dei private og dei offentleges rolle. Vi i ByR Vest-Telemark ser det som nyttig å være bevisst på begrepet.

Vi spør ein forskar om definisjon

Definere begrepet Næringsutvikling og gjerne næringsutviklar

Her er svaret frå Telemarksforsking:

Næringsutvikling er aktivitetar som har til hensikt å få til vekst i næringslivet. Med vekst i næringslivet meiner vi då auka verdiskaping, fleire arbeidsplassar eller auka lønsemd.

Slik verksemd kan i prinsippet vere både offentleg og privat, eller kombinasjonar av dette.

Men det offentlege (kommunar, kommunesamarbeid og fylkeskommunen) har ein definert rolle som utviklingsaktør.

Alle i det offentlege (etatar, politikarar og tilsette) som driv ulike former for slikt arbeid må vi vel då kunne kalle næringsutviklarar.

I tillegg vil det vere private og halvoffentlege aktørar, som på vegne av, og etter avtale med, det offentlege driv strategisk næringsutvikling (Midt-Telemark Næringsutvikling td).

Andre konsulentselskap og FoU-miljø (slik som Sweco, Telemarksforsking eller VTNU AS) vil jo også ta betalte enkeltoppdrag / prosjekt som har som mål å skape vekst i næringslivet, men vi vil ikkje då kalle dei for næringsutviklarar.

 

logo - Telemarksforsking

 

Solveig Svardal

Tel: +47 901 80 594

Back To Top