skip to Main Content

Vest-Telemarkregionen har nå starta eit spanande samarbeid med Østlandsforskning på Lillehammer og fire andre fjellregionar om ”Klyngesamarbeid for ungdom og  entreprenørskap fjellområdene”. Dei andre fjellregionane er Hallingdal, øvre Gudbrandsdal og Røros-/Tynsetområdet. Frå Vest-Telemark er det Fyresdal kommune som er med, ved ungdomstrinnet på Gimle skule.

Prosjektet vil skape meir fokus på kor viktig det er å tenkte innovasjon og entreprenørskap i skulen, og få det i større grad inn i mange fag. I tillegg vil dette prosjektet bidra til samarbeid og kunnskapsutveksling mellom regionar som har mange av dei same utfordringane, både i prosjektperioden og gjennom etablering av eit varig kontaktnett.

Entreprenørskapsarbeidet skal så langt som mogleg ta utgangspunkt i stadeigne ressursar, men og kunne legge til grunn aktivitetar som godt kan utførast i distrikta trass i store avstandar til byområda, td. gjennom bruk av IT.

Ingun Momrak-Haugan, som er ansvarleg på Gimle skule, og Edvard Nesland, som er koordinator for prosjektet i Fyresdal kommune, var på ein samling for fjellregionane, på Lillehammer 2. desember. Her deltok også Ungt Entreprenørskap i Telemark, ved Ann-Iren Haugen, Elin Bryn Thorsen og Are Rasmussen. Det var lett å finne både felles ufordringar og gode samarbeidsområder:

Fjellregionen (Røros/Tynset) har jobba mykje med Bioøkonomi i samarbeid med både skulane, næringslivet og forskingsmiljø, og har mellom anna sett på utnytting av slakteavfall frå kjøttproduksjon som ein uutnytta ressurs.

Hallingdal la stor vekt på å skape gode oppvekstvilkår og gode opplevingar for ungdomen så tidleg som mogleg, og meinte at dette var grunnleggjande også for å stimulere til ynskje og vilje til å skape sin eigen arbeidsplass på heimstaden.

Gudbrandsdal hadde erfaring med at det kunne vere vanskeleg å skape god forankring for entreprenørskap både i skulane, og hos politikarar/kommuneadministrasjonen. I tillegg hadde dei både villreinområder og nasjonalparkar rundt seg, og jobba mykje med ”bruk og vern” for å skape aktivitet tilpassa verneinteressene.

Felles for regionane var fleirkjernestruktur, dvs. små tettstader i eit geografisk stort område, press på folketalet og for mange nedgang i befolkingsutviklinga, utflytting av ungdom og krevjande å få dei heim att, samt eit næringsliv med liten sjølvstendig økonomisk evne til investering og utvikling.

Det vil ikkje bare vere av stor verdi for Gimle skule å vere med i dette arbeidet. Etter kvart som vi finn gode samarbeidsområder, aukar kompetansen og finn fram til gode måtar å arbeide med dette som entreprenørskapsfag i skulen, vil vi kunne bidra med å overføre desse erfaringane til alle skulane i Vest-Telemark. Vi har svært mange like utfordringar, og når vi nå også får nytta erfaringar og kompetanse frå dei andre fjellregionane, kan dette bli verdfullt for regionen vår.

Innleiinga for prosjektet starta tidleg i haust, og Gimle skule skal ha mykje ros for å snu om på mange fastlagte planar for å skape rom for dette prosjektet! Det har vore krevjande, men dei har fått det til. I tillegg til at Ungt Entreprenørskap (UE) har arrangert gründercamp i november, blir det nå lagt til rette for UE skal bistå med entreprenørskap i undervisninga i det komande halvåret – i fyste omgang.

Østlandsforskning ynskjer å vere den leiande forskingsinstitusjonen på entreprenørskap i skulen i Noreg, og har i tillegg internasjonale ambisjonar på området.  Det er difor ekstra spanande at Vest-Telemark kan vere med på dette saman med dei andre fjellområda i Sør-Noreg.

Presentasjonen frå Vest-Telemarkpiloten kan de laste ned her.

-Skriven av Edvard Nesland, næringssjef i Fyresdal kommune.

Workshop 2. desember 2016

Oppstartsworkshop for ungdom og entreprenørskap i fjellområdene, var halden på Lillehammer 2. desember 2016. Samlinga er med deltakerregionane, Østlandsforsking og Ungt entreprenørskap (UE).

Frå Vest-Telemark deltek Edvard Nesland, Næringssjef i Fyresda, Ingun Momrak-Haugan, Lærer Gimle skule og Ann-Iren Haugen frå UE Telemark. Deltkakerlista kan du laste ned her.

Leiast av Østlandsforsking

Prosjektet er eit initiativ frå Østlandsforsking, og prosjektleiar er Asbjørn Kårstein ved Østlandsforsking i Lillehammer.

Asbjørn Kårstein
Forsker | Senior Researcher
Østlandsforskning | Eastern Norway Research Institute
ak@ostforsk.no
+47 915 51 325
http://www.ostforsk.no
Back To Top