Ja, nå er programmet slutt. Dette har vore ein flott arena til å dele kunnskap og erfaringer, få nye verktøy, skape relasjoner og bygge nettverk. «En avslutning er begynnelsen på…
I Laurdagsavisa 15. oktober hadde VTB oppslag om bustadsmarknaden i Vest-Telemark, der også prosjektet vårt ByR i Vest-Telemark vart nemnt.
(Logg deg på og les avisa på nett her!)
Småbruk, sentrumsnært og lite ledig til leige.
Vest-Telemark blad kan melde at småbruk er fortsatt det som får mest respons. Då kjem det interessentar frå heile landet, og det er unge folk som ynskjer å flytte til småbruk. Då skal det helst fyglje med litt skog, som gjev rett på jakt og fiske.
Ellers har interessa for små hus med dårleg standard i grendene blitt vanskelegare å selje, for tida då det kom unggutar med snikkarbukse på visningane er over. Dei unge vil ha minst mogleg å gjere på huset, og dei ynskjer å bu «der det skjer» – dei har også meire pengar å bruke på husvære. Meklerane nemner sosiale møteplassar kafèkulturar og område det er lett å komme seg til-og-frå som mest attraktivt for kjøp og sal.
Artikkel frå VTB 15.10.2016
Passer til vår oppfattning av bustadsituasjonen
Vi har lenge sett trongen for å få fleire og attraktive bustadar i heile regionen. Kva er det som er trenden? Eg vågar meg på ei slags generell oppsummering:
- Bonderomantikk har ikkje gått av moten. Ledige småbruk er ein potensiell ressurs!
- Det er mange einebustader i regionen.
- Det er få mindre bustadar som leilighetar og hyblar.
- Tomt og omliggande tilbod er avgjerande.
- «Å bygge sjølv» er mindre vanleg enn før. Mange ynskjer å kjøpe noko som er ferdig.
- Utleigemarknaden har for lite tilbod.
- Unge som gamle krev høg standard.
Har vi bustadkrise eller arbeidskrise?
Kanskje ingen av delene, men ein ser at uten attraktive bustadar, er det ikkje råd å tilsette attraktiv arbeidskraft. Men uten arbeid er det ikkje råd å få busett nye innbyggerar. Det heng alstå saman.
Når vi jobber vidare med prosjektet vårt, håper vi å finne fram til løysingar som kan få fleire til å busette seg i vår region. Vårt prosjekt inneheld hvertfall fokus på begge deler: både jobb og bustad!
Beste helsing
Prosjektleiar for ByR i Vest-Telemark, Ole Dalen