skip to Main Content
Illustrasjon: Tidspunkt

Endra dato for neste møte i Vest-Telemarkrådet: tysdag 18. oktober 2016. 

Vi gjer med dette merksam på endra dato for neste møte i Vest-Telemarkrådet. Sjå korrigert årshjul her.

I samband med prosesssen rundt ny organisering av politiet har Vest-Telemarkrådet vedteke å endre møtedatoen for rådsmøtet i oktober.

Møtet er flytt til tysdag 18. oktober, og vil finne stad på Quality Straand Hotel i Vrådal med start kl 09.00.

Vi informerer også om at Vest-Telemarkrådet inviterer politimeisteren i det nye politidistriktet samt kommunestyrerepresentantane i dei 6 kommunane til møte rundt politireformen etter lunsj same dag.

Møta er naturlegvis opne.

Venleg helsing
Vest-Telemarkrådet
Kjell Gunnar Heggenes
Regionrådsleiar

Back To Top