skip to Main Content
Utvendig

I tråd med fastsett møtekalender kallar vi no inn til møte i Vest-Telemarkrådet. Møtet finn denne gongen stad på Seljord Hotell, og ordførar Halfdan Haugen vil innleiingsvis orientere om aktuelle saker.

Rådet vil handsame forslag til uttaler om regional planstrategi og om konseptvalutgreiing for Grenlandsbanen, samt rapport frå arbeidet med kommunereformen.

Frå Ungt Entreprenørskap vil Ann Iren Haugen vera tilstades og orientere nærare om organisasjonen og drifta av denne.

Vidare vil representantar frå Fylkesmannen i Telemark og Telemark fylkeskommune orientere nærare om prosessane som går føre seg i høve til regionreformen innafor fylkeskommune/Fylkesmannsnivå.

Viktig sak er også prosessen i høve til nærpolitireformen og kommunanes deltaking i denne.

Saksdokumenta kan du laste ned på sida vår her.

Back To Top