skip to Main Content
Helsing  Til  Verda

Her er ei lita helsing til verda frå netverksamlinga knytt til ByR-programmet 2. og 3. februar 2016.

ByR

Bilde frå prosjektleiarsamlinga 2. Februar 2016. ByR Vest-Telemark

Bilde over:

Til venstre ser du ei kvende som heiter Eli Nygaard frå Kommunal- og Moderniseringsdepartementet (KMD). Det er ho som handterar økonomi og det praktiske rundt rapportering og søknader hjå KMD. Eg fekk ein prat med ho i ei «røykepause» på samlinga vi hadde i Drammen 2015, og eg trur ho er ganske streng men rettferdig.

Han karen i midten som kleier seg i skallen heiter Geir Lyngaas, Seniorrådgiver frå Distriktssenteret, som har hatt fleire møte i Telemark, og som eg hadde møte med i forkant av søknaden. Han har også hatt møte med Geir Morten Johansen og Lene Hennum og andre gode venner i Telemark Fylkeskommune. Geir har vore ein av våre gode hjelperar som har sytt for at vi faktisk fekk gehør for søknaden vår som var «litt utanfor boksen» – vi har trass alt ingen «by» i Vest-Telemark.

Aina Sofie Brox, er ansvarlig for dei faglege nettverkssamlingane i regi av Distriktssenteret men her på bildet Ser du berre ryggen hennar.

Hærlig hektisk

Prosjektleiarsamlinga starta kl 8 på tirsdags morgonen, og vi hadde avtala møte i styringsgruppa frå kl 8:45 for å gå gjennom tilboda og beslutte kven som vart vinnar av anboda-konkurransen. Derfor forsvant undertegna ut av samlinga etter bare 45 min, og møtte denne kjekke gjengen:

Styringsgruppa i ByR Vest-Telemark

Asbjørn Storrusten frå Seljord kommune, Hildegunn Rønningen frå Nissedal, Edvard Nesland frå Fyresdal, Elisabeth Lid frå Kviteseid kommune, Toril Nicolaisen frå Vinje kommune, Gunhild Austjord frå Tokke kommune.

Desse folka er sjølve forankringa mot kommunane i det videre arbeidet i ByR Vest-Telemark (det vil sei: Toril var bare vikar for Gry Åsne Aksvik som måtte melde forfall til denne samlinga).

Fortsettelse følger..

Back To Top