Vil du ta ei sentral rolle i å etablere framtidas tenester, og ha ei aktiv rolle i arbeidet med innovasjon og digitalisering for seks av Telemarks flottaste kommunar? FAKTA OM…
Eitt av alternativa som blir utgreidd er å vidareføre dagens kommunestruktur med eit meir forpliktande samarbeid.
Som ledd i dette arbeidet vart det tidlegare i år sett ned 5 arbeidsgrupper.
Innafor fagområda: økonomi, tenester, samfunnsutvikling, demokrati og myndighetsutøving fekk gruppene i oppdrag å skissere nye område med potensiale for interkommunalt samarbeid.
Sentrale fagpersonar frå dei 6 kommunane har utgjort gruppene og hatt som mandat å finne fordelar og ulemper fagleg, økonomisk og geografisk ved dei aktuelle samarbeidsordningane.Viktige tenesteområde som barnevern, pedagogisk-psykologisk teneste, brannvern, renovasjon, kraftproduksjon og næringsutvikling er døme på område der alle kommunane deltek i etablerte samarbeidsordningar. I tillegg vert det samarbeidd på fleire område der 2 eller 3 av kommunane er involvert.
Gruppene har i sitt arbeid kome fram til fleire samarbeidsordningar som kan vera aktuelle for regionen.
Resultatet av arbeidet vart lagt fram i felles møte på Straand Hotel 4. desember og vil inngå i den endelege rapporten som Telemarksforsking skal legge fram 5. januar 2016.