skip to Main Content

I fellesmøte måndag 2. november oppsummerte Telemarksforsking kva som er gjort til no og kva som står att i prosessen omkring kommunestrukturen.
Rett før ferien låg det føre ein førebels rapport som omhandlar folketalsutvikling, økonomi og næringsutvikling.  Når den endelege rapporten blir lagt fram 5. januar 2016, vil denne innehalde utfyllande informasjon om status og utfordringar når det gjeld økonomi, tenester, interkommunalt samarbeid, demokrati og samfunnsutvikling basert på informasjon gjennom intervju og spørjegransking.
Rapporten vil også innehalde resultatet av arbeidet i dei 5 gruppene som ser nærare på dei ulike samarbeidsområda ved ei vidareføring av dagens kommunestruktur.
På møtet 2. november heldt komunane Seljord, Kviteseid og Nissedal fram samtalene omkring mogleg samanslåing av dei tre kommunane. Kommunane har mellom anna ein klår intensjon om at tenester som t.d. barnehagar, skular, pleie- og omsorgssenter og legekontor skal vera lokalisert rundt omkring etter same mønster som gjeld i dei tre kommunane ved eit mogleg samanslåingstidspunkt.
Brev til kommunane frå kommunal- og moderniseringsministeren.
I brev datert 28. oktober 2015 adressert til alle kommunestyra i landet, minner Jan Tore Sanner om bakgrunnen for kommunereformen, herunder oppdraget frå Stortinget, samt dei verktøy og virkemiddel som er stilt til rådvelde i samband med reformen.
Det blir vist til at departementet i løpet av året vil sende ut eit høyringsforslag om nytt inntektssystem for kommunane. Brevet peikar på at eit nytt inntektssystem fortsatt må ta omsyn til at Noreg har spreidd busetting, og fylgjer opp med fylgjande setning som kommunane truleg  merkar seg:

«Regjeringen vil imidlertid vurdere endringer som innebærer at inntektssystemet ikke i samme grad som i dag kompenserer for at små kommuner frivillig velger å stå alene. Nytt inntektssystem vil tre i kraft fra 2017.»

Back To Top