skip to Main Content

Arbeidet med utgreiing av dei ulike alternativa til framtidig kommunestruktur i Vest-Telemark er i rute. Dei 5 interkommunale arbeidsgruppene som er nedsett i samband med alternativet om å vidareføre dagens kommunestruktur skal ha sitt andre møte i nær framtid.
Fagområda er: økonomi, tenester, myndighetsutøving/overordna styring, samfunnsutvikling og demokrati.
Gruppene skal skissere nye område der det er potensiale for meir interkommunalt samarbeid og peike på fordelar og ulemper ved desse. Vurderingane skal gjerast i høve til geografi såvel som innafor dei faglege og økonomiske områda.

Siste og avsluttande møte for arbeidsgruppene er fastsett til 4. desember.
Etter dette vil Telemarksforsking ferdigstille rapporten og kome med tilråding til Vest-Telemarkkommunane.
Saken skal deretter handsamast i dei enkelte kommunestyra, som også vil ta standpunkt til mogleg innbyggjarhøyring, og måten ei slik høyring eventuelt skal skje på.

Vi minner fortsatt om at prosjektet tek imot innspel frå alle som ynskjer å seie si meining i saka, og at vi syter for at innspela blir vidareformidla til politikarane i kommunane.
Lenke til spørjeundersøkinga finst på nettstaden www.kommunestrukturivesttelemark.no.
i tillegg til at den finst på nettsidene til kvar enkelt kommune.
Fellesmøte mellom forhandlingsutvala i Vrådal 2. november.
Som eit ledd i forprosjektet blir det halde fellesmøte mellom forhandlingsutvala 2. november. Forhandlingsutvala har fått ny samansetnad etter kommunevalet, og desse møtest på Straand Hotel i Vrådal. Eit møte som forøvrig er ope for ålmenta.
Ein legg opp til å informere nærare om status i prosessen, resultat frå spørjeundersøkinga samt planene for det vidare arbeidet.
Etter dette er det opning for vidare forhandlingar mellom utvala omkring alternativa:
– Seljord – Kviteseid – Nissedal
– Tokke – Fyresdal
– Tokke – Vinje

Back To Top