skip to Main Content

I prosjektet er det oppretta 5 arbeidsgrupper med representantar frå dei 6 kommunane, og der hovudverneomboda og dei hovudtillitsvalde også er representert.
Arbeidsgruppene er etablert innafor fagområda: økonomi, tenester, myndighetsutøving, samfunnsutvikling og demokrati, og det er planlagt 3 møte i kvar av gruppene.
Gruppene sitt arbeid er avgrensa til alternativet om å oppretthalde alle kommunane, med ei forplikting om meir interkommunalt samarbeid.
Det fyrste møtet fann stad på Straand Hotel i Vrådal 18. september med svært god deltaking.
Anja Hjelseth og Gunn Kristin Åsen Leikvoll frå Telemarksforsking var tilstades og gav ei innleiande orientering om aktuelle problemstillingar og forslag til metodikk i arbeidet.

Arbeidsruppene har som oppgåve å skissere nye område med potensiale for meir interkommunalt samarbeid. Vidare skal gruppene peike på fordelar og ulemper både fagleg, økonomisk og geografisk, samt legge fram forslag til aktuell samarbeidsform.
Neste arbeidsmøte skal gå i gruppenes eigen regi, og vil finne stad i siste veka i oktober.

Resultatet av gruppenes arbeid skal leggast fram i eit avsluttande møte 4. desember og danne grunnlag for rapportering til styringsgruppa. Dette vil inngå i den endelege rapporten frå Telemarksforsking.

Back To Top