Vil du ta ei sentral rolle i å etablere framtidas tenester, og ha ei aktiv rolle i arbeidet med innovasjon og digitalisering for seks av Telemarks flottaste kommunar? FAKTA OM…
Det blir no ført samtaler mellom kommunane om dei ulike samanslåingsalternativa.
I tillegg greier vi ut alternativet med å vidareføre dagens kommunestruktur.
Det blir oppretta interkommunale arbeidsgrupper innafor faga:
- økonomi
- tenester
- myndighetsutøving/overordna styring
- samfunnsutvikling
- demokrati.
Arbeidsgruppene setjast saman av ein fagperson frå kvar av dei 6 kommunane. Representantar frå hovudverneomboda og dei hovudtillitsvalte vert også invitert til å delta i gruppene.
Mandatet er å skissere nye område der det er potensiale for meir interkommunalt samarbeid, og peike på korleis samarbeidet kan løyse oppgåvene. Vidare skal gruppene peike på føremoner og ulemper både fagleg, økonomisk og geografisk og skissere forslag til samarbeidsform.
Tidsramma for arbeidet tilseier at rapport skal ligge føre innan 5. januar 2016.