skip to Main Content

Forhandlingsutvala i Fyresdal og Tokke hadde sitt andre møte 23. juni i Tokke Kulturhus på Dalen.

Drøftingane var konstruktive og konkrete og tok for seg dei ulike tenesteområda, herunder ressursbruk og moglege samordningsgevinstar.
Det må vurderast nærare korleis ein kan nytte frigjevne ressursar, og utgreiingane frå Telemarksforsking, som skal ligge føre i oktober, vil vise kva omfang desse innsparingane har.

Utvala var klåre på at det er mange tenesteområde som ikkje berre Fyresdal og Tokke, men som alle
6 kommunane samarbeider om i dag.  Desse samarbeida kan vera eigna for vidareføring også etter ei mogleg endring i kommunestrukturen.

Som eit ledd i arbeidet med å informere om kommunereformen vart det også arrangert debatt/drøftingsmøte på Dalen denne dagen. Pressa var godt representert, og biletet under viser journalistane i nære samtaler med ordførarane.

For ordens skuld nemner vi at tigeren midt på biletet ikkje representerer kommunal- og moderniseringsdepartementet, men er eit flott stykke elevarbeid.

Back To Top