skip to Main Content

Måndag hadde forhandlingsutvala sine fyrste møte på Straand Hotel i Vrådal.
Dei 2 gruppene Seljord/Kviteseid/Nissedal og Tokke/Fyresdal drøfta korleis ein kan tenke seg å plassere/fordele dei ulike etatane i kommunane. Når det gjeld Tokke/Fyresdal kom ein fram til at det kan vera naturleg å legge hovudadministrasjonen til Dalen, medan Fyresdal til gjengjeld får næringsavdelingen/landbruksavdelingen.
Frå Tokke si side vart det vist til at «reiseliv» er eit viktig satsingsområde, og at dette naturleg høyrer heime der.

Også Seljord/Kviteseid/Nissedal hadde gode samtaler, og kom fram til at Kviteseid peikar seg ut som administrasjonsstad ved ei mogleg samanslåing. Tilsvarande er det naturleg at Seljord får helse/omsorg og oppvekst og at planavdelingen vert i Treungen.

Gruppene gjekk også gjennom punkta som skal inn i ei intensjonsavtrale, og Telemarksforsking har i oppdrag å lage eit utkast til intensjonsavtale over felles lest.

Det er grunn til å gje medlemene av utvala honnør for konstruktive haldningar og god framdrift i forhandlingane.

Back To Top