Vil du ta ei sentral rolle i å etablere framtidas tenester, og ha ei aktiv rolle i arbeidet med innovasjon og digitalisering for seks av Telemarks flottaste kommunar? FAKTA OM…

I styringsgruppa sit ordførarane og rådmennene i dei 6 kommunane pluss ein hovudtillitsvalt og eitt verneombud. (Anne Mette Momrak og Svein Ekre)
I tillegg møtte også Bent Aslak Brandtzæg frå Telemarksforsking og oss 2 frå Vest-Telemarkrådet
(Ole og Kjell Gunnar)
Styringsgruppa gjekk på møtet gjennom prosjektplanen og framdriftsplanen samt forslaget til informasjonsplan. Som prosjektansvarleg (PA) vart valt rådmann i Kviteseid, Øystein Tveit.
Kommunestyra er no i ferd med å velje forhandlingsutval og resultatet av desse vala vil ligge føre innan utgangen av mai.
Det kom på møtet fram eit samla ynskje om å nytte Telemarksforsking som sekretariat/rådgjevar under forhandlingane. Ein må såleis ha 2 personar til disposisjon med tanke på mogleg parallelle forhandlingar.
Det vart fastsett fylgjande 2 datoar for møte i forhandlingsutvala: 8. juni og 17. august.
17. august møtest også styringsgruppa til nytt møte.
Her ser vi prosjektansvarleg
Øystein Tveit som kan hende har
Harald Hårfagre i tankane.
(Han som let hår og skjegg gro
i påvente av å få samla landet)
|
Hovudtillitsvalt Anne Mette Momrak og hovudverneombud Svein Ekre |