skip to Main Content

I dagens møte med Telemarksforsking har vi jobba med prosjektplan og mediastrategi.
Frå Telemarksforsking deltok Bent Aslak Brandtzæg og Gunn Kristin Leikvoll.
Møtet hadde stor fokus på mediestrategi der bloggen inngår som ein viktig kanal for informasjon om prosjektet.
Bloggen skal bidra til å informere om det som skjer i prosjektarbeidet, og er tenkt brukt saman med ei egen nettside: www.kommunereformenivesttelemark.no  Nettsida vil vera på lufta tidleg i juni.

Andre viktige kanalar er aviser, radio, informasjonsbrosjyrer og folkemøter.
For å få innspel vil vi også lage eit eige skjema der vi ber om folk sine tankar rundt kommunereformen. Vi har bestemt oss for ikkje å lage egen facebook-side for dette prosjektet.
Vi vil nytte kommunanes mediekanalar og dele informasjonen der.

Arbeidet er spanande, og vi har ein god plan for å involvere folk !

Back To Top