skip to Main Content

Kommunane i Vest-Telemark har gått saman i eit prosjekt for å gjere velferdsteknologi til ein naturleg del av tenestetilbodet i regionen. Vi søkjer ein prosjektleiar til ei 2-årig stilling, med tilsetjing i Vest-Telemarkrådet.

Arbeidsoppgåver

  • Prosjektleiar for implementering av velferdsteknologi for alle kommunane i Vest-Telemark
  • Samordne og medverke til innovasjon og kompetanseheving og bidra til at velferdsteknologi vert ein naturleg del av tenestetilbodet i regionen
  • Få på plass prosedyrar og planarbeid innan velferdsteknologi
  • Følge opp aktuelle rammeavtaler innanfor velferdsteknologi og medverke til nye avtaler
  • Vidareutvikle kompetanse, tverrfagleg samarbeid og nettverk saman med kommunane
  • Leggje til rette for overgang frå prosjekt til varig drift

Vi kan tilby

  • Stillingsbrøk: 100% i 2-årig prosjektstilling
  • Løn etter kvalifikasjonar
  • Gode pensjonsordningar i KLP
  • Spennande arbeidsoppgåver saman med dyktige medarbeidarar i kommunane
  • Kontorstad i innovativt og hyggeleg miljø i næringshagen i Kviteseid sentrum

Utdanning og kvalifikasjonar

  • Master- eller bachelorgrad frå relevant fagområde kombinert med relevant erfaring for stillinga
  • God system- og organisasjonsforståing
  • Gjennomføringsevne, engasjement og interesse for utviklingsarbeid
  • Kjennskap til velferdsteknologi, informasjonstryggleik og personvern
  • God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne.
  • Evne til å jobbe strukturert
  • Evne til å bygge relasjonar
  • Erfaring frå prosjektarbeid

Rapport frå Forprosjekt – Velferdsteknologi i Vest-Telemark er tilgjengeleg på http://www.samhandlingvesttelemark.no/

Søknad sendast på epost til aa@vt-radet.no innan 5. april 2019. For nærare informasjon om stillinga, ta kontakt med regionrådsleiar Anne Aasmundtveit på aa@vt-radet.no eller tlf. 402 38 178, eller med samhandlingskoordinator Kari Gro Espeland på samhandling@seljord.kommune.no eller tlf. 995 39 515.

Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Kopi av vitnemål og attestar leverast på intervjuet. Det er krav om førarkort og eigen bil.

Tilsetjing skjer elles på dei vilkår som til ei kvar tid framkjem av gjeldande lover, reglement og tariffavtaler. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppfordringa ikkje blir tatt til følge, blir søkjaren varsla om dette, jfr. Offentleglova § 25.

Back To Top