Interkommunalt  Samarbeid  I  Vest-Telemark

Interkommunalt samarbeid i Vest-Telemark (2016-2017) er knytt til vegen vidare etter at kommunane har gjennomført arbeid knytt til dagens kommunestruktur.

Forprosjekt knytt til kommunereformen

Kommunane i Vest-Telemark har gjennomført eit forprosjekt knytt til kommunereformen. Arbeidet blei gjennomført i regi av Vest-Telemarkrådet, med Telemarksforsking som ekstern utgreiar og prosessrettleiar.

Forprosjektet hadde fokus på utgreiing av fordelar og ulemper ved gitte endringar i kommunestrukturen i regionen, herunder arbeide fram intensjonsavtaler som grunnlag for innbyggjarhøyring og seinare politisk handsaming. I tillegg omfatta forprosjektet  drøfting av fordelar og ulemper ved ei vidareføring av dagens kommunestruktur med  forplikting om meir interkommunalt samarbeid.

Arbeidsgrupper på ulike område og tema (økonomi, samfunnsutvikling, tenester og demokrati samt mynde og overordna styring) ved interkommunalt samarbeid, var i sving under gjennomføringa av forprosjektet. Arbeidsgruppene var samansett av fagleiing, hovudverneombod og hovudtillitsvald frå alle kommunane. Dette har aktualisert gjennomføring av eit vidare arbeid spesifikt på interkommunalt samarbeid i regionen.

Vidare arbeid

Rådmennene som styringsgruppe har utarbeidd prosjektmandat som dannar grunnlag for det vidare arbeidet. Fylkesmannen har løyvd 1 mill kr til arbeidet gjennom skjønnsmidlar til fornyings- og utviklingsprosjektet.

Det er ein klar intensjon at prosjektet derfor også skal munne ut i konkrete etableringar av nye, formelle interkommunale samarbeidstiltak blant kommunane i Vest-Telemark. Utgreiingsarbeidet i prosjektet skal i denne samanheng mellom anna drøfte kva som synes å vere mest føremålsteneleg organisering av dei enkelte samarbeidstiltaka.

Fem målområde

Arbeidet fylgjer målsettinga med prosjektet i tråd med dei fem målområda: økonomi, demokrati, samfunnsutvikling, myndighetsutøving og tenester, og fylgjer områda som er arbeidd med i kommunereformen i Vest-Telemark. Arbeidet frå dei interkommunale arbeidsgruppene i forprosjektet med kommunereformen ligg til grunn.

Prosjektspesifikasjon

Prosjektspesifikasjon kan du laste ned her:

Prosjektspesifikasjon, Interkommunalt samarbeid i Vest-Telemark

Prosjektspesifikasjon, Interkommunalt samarbeid i Vest-Telemark

Tiltaksplan

Tiltaksplanen er prioritert av styringsgruppa, og skildrer kva område som det jobbast med. Planen kan du laste ned her:

Blogginnlegg knytt til prosjektet

Reiselivsorganiseringa  I  Telemark  –  Brev  Til  Rådmennene  6.  Februar

Reiselivsorganiseringa i Telemark – brev til rådmennene 6. februar

Informasjon om reiselivsorganiseringa finn du i andre innlegg på vt-radet her: http://www.vt-radet.no/2017/03/01/siste-mote-referansegruppa-reiselivsorganisering/ http://www.vt-radet.no/2017/02/16/reiselivsorganiseringa-avklaring-om-anbodsprosess/ http://www.vt-radet.no/2017/01/25/reiselivsorganiseringa-i-telemark/ Brev til rådmennene 6. februar 2017  …

Møte  I  Referansegruppa  –  Interkommunalt  Samarbeid  I  VT

Møte i referansegruppa – interkommunalt samarbeid i VT

Det er kalla inn til møte med representantane for hovudtillitsvalde (HTV) og hovudverneombod (HVO) i prosjektet "Interkommunalt samarbeid i Vest-Telemark".…

Takk  For  Innspel  I  Prosessen!

Takk for innspel i prosessen!

Takk for at dere stilte opp på møte om kommunenes arbeid innenfor næringsutvikling og reiseliv i kommunen og i regionen.…

Styringsgruppa  I  ByR  Er  Stolte  Over  Gjennomføringa  Av  Vest-Telemarkkonferansen

Styringsgruppa i ByR er stolte over gjennomføringa av Vest-Telemarkkonferansen

Det har vore stor aktivitet i Vest-Telemark den siste tida. Ei av arbeidsområda vi har jobba med - er å…