Byregionprogrammet  I  Vest-Telemark

Byregionprogrammet i Vest-Telemark (2015-2017) er knytt til til Kommunal- og moderniseringsdepartementet si satsing, og arbeidet skal bidra til å styrke vekstkrafta og auke kunnskapen om samspelet mellom by og omland.

Samfunnsanalysa for Vest-Telemark tydeleggjer manglande samspel mellom kommunane, låg bustadsattraktivitet samt få nyetableringar som dei primære flaskehalsane for utvikling i regionen. Prosjektet skal møte desse utfordringane ved å bidra til utvikling av ein robust fleirkjernestruktur i Vest-Telemark med utgangspunkt i framveksten av regionens næringshagar i tilknytta kommunar. Samspelet mellom næringshagar, næringsliv, kommunar og region står sentralt i utviklinga mellom omland og sentrumsstruktur. Stadsutviklinga skal basere seg på framvekst av regionale kompetansesentrum som sikrar utvikling av attraktive arbeidsplassar, lønsam næringsutvikling og utvikling av spisskompetanse på viktige fagfelt. Det vil bygge ned barrierar mellom sentrum og omland og auke økonomisk samspel for lokal og regional vekst. Det er eit klart mål å sikre ein balanse mellom samlokalisering av eksisterande næringsliv/verksemder i næringshagemiljø og nyetablering. Primærmålet er å skape vekst i eksisterande og nye verksemder gjennom utvikling av stimulerande fellesmiljø.

Prosjektmål

  • Utvikle sterke regionale ”motorar” i alle regionens kommunesentra som verkar attraktive for rekruttering av arbeidstakerar og utvikling av eksisterande og nytt næringsliv og næringskjeder.
  • Utvikling av solid kompetansemiljø som kan representere spisskompetanse på respektive fagfelt til beste for heile regionen for å auke det økonomiske samspelet mellom næringsmiljøa.
  • Styrke samarbeidet mellom offentleg og privat sektor i skjeringspunktet mellom lokale næringshagar og kommunal samfunnsutvikling og tenester.
  • Auke regionens bustadsattraktivitet gjennom erfaringsutveksling der ein koplar ein attraktiv arbeidsmarknad med varierte bumiljø i heile regionen.

Blogginnlegg knytt til prosjektet

Et  Ekte  Kinderegg

Et ekte kinderegg

ByR arbeidspakke 6 : Utvikling av offentleg forvaltning og privat samarbeid i nettverk. Vest-Telemarkkommunane har rammeavtale med eit konsortie av leverandørar…

ByR  Samlinga  20.  April

ByR samlinga 20. april

Eit viktig mål med samlinga var at aktørane som har ei rolle i prosjektet - får møte kvarandre, og ha…

ByR-samlinga  19.  April

ByR-samlinga 19. april

Storsamlinga på Dalen 19. - 20. april Program og deltakerliste Programmet var delt i to delar, og deltakerane på fyrste…

Rapport  Frå  Asplan  Viak  –  Versjonen  Før  Arbeidsgruppa  Har  Lest  Den

Rapport frå Asplan Viak – versjonen før arbeidsgruppa har lest den

29. april fekk vi rapporten frå Asplan Viak. Steinar Onarheim skriv Her kjem rapporten og notatet som vedlegg. Dette er å…

Dokument

Her finn du dokument knytt til prosjektarbeidet.

Presentasjon – ByR

Presentasjon frå samling på Stokkøya 13. – 14. september.

Notat om kombinert formål

Utarbeid av ASPLAN VIAK til Arbeidsgruppe 4 – arbeid med bustadattraktivitet i Vest-Telemark.

Prosjektplan

Hovedplan for prosjektet. Danner grunnlag for detaljerte prosjektskisser.

Prosjektskisse WP 2-3

Dette er den detaljerte prosjektskisse for gjennomføring av avrop knytt til arbeidspakke 2 og 3.

Dato: 16.11.2016

Prosjektskisse WP 5

Dette er den detaljerte prosjektskisse for gjennomføring av avrop knytt til arbeidspakke 5.

Dato: 16.11.2016

Prosjektskisse WP 6

Dette er den detaljerte prosjektskisse for gjennomføring av avrop knytt til arbeidspakke 6.

Dato: 16.11.2016

Møtereferat

Her finn du referat frå møta i prosjektarbeidet.

Møte 30. september 2015

Last ned møtereferat (.pdf)