skip to Main Content
Kviteseid


Vest-Telemarkrådet er eit regionalt samarbeidsorgan for kommunane Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord, Tokke og Vinje. Rådet arbeider for at regionen skal vera attraktiv for busetnad, arbeid og opplevingar.           

 

Har du ei brennande interesse for å fremje busetnad og samfunnsutvikling? Er du ein engasjert samfunnsbyggjar med lidenskap for berekraftig utvikling og grøn omstilling?

Då kan du vera den vi ser etter til rolla som prosjektleiar for eit nytenkande småbruks- og berekraftsprosjekt i Vest-Telemark. Målet med satsinga er fast busetting på ledige landbrukseigedomar, auke folketalet og skape meir aktivitet og berekraftig vekst i regionen.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeide strategisk og strukturert med samfunnsutvikling, busetnad, berekraftig utvikling og grøn omstilling.
  • Vera pådrivar for å få småbruk/gardsbruk utan fast busetting på sal eller til utleige.
  • Bygge gode og innovative system for å effektivisere kartlegging og promotering av ledige småbruk/gardsbruk for sal/utleige.
  • Etablere god kommunikasjon med potensielle seljarar/utleigarar og kjøparar av småbruk/gardsbruk.
  • Samarbeide tett med forvaltinga i dei seks Vest-Telemarkkommunane, fylkeskommunen og statsforvaltaren.
  • Sikre medverknad og deltaking i kommunane sitt klimaarbeid og framdrift av tiltak.
  • Bidra til å skaffe eksterne midlar til ulike tiltak i prosjektet.

 

Følgjande utdanning og kvalifikasjonar vil bli vektlagt

  • Mastergrad/bachelorgrad frå relevant fagområde.
  • Overordna forståing for samfunnsutvikling og utfordringar distrikta står overfor.
  • Erfaring frå prosjektleiing, privat næringsliv, offentleg forvalting og/eller politikk.
  • Løysingsorientert og god digital kunnskap.
  • Ta initiativ, samarbeide godt, strukturert og sjølvstendig.
  • Evne til å ta direkte kontakt med innbyggjarar, offentlege instansar og samarbeidspartnarar.
  • Skape entusiasme og bygge relasjonar.
  • Planlegge, koordinere og gjennomføre prosjekt.
  • God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne. Skriftleg målform er nynorsk.

Vi tilbyr

  • Spennande faglege og varierte oppgåver
  • Stillingsbrøk: 100% prosjektstilling i 3 år
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjonsordningar i KLP
  • Kontorstad i stort fagleg fellesskap i Kviteseid næringshage

Arbeidsgjevar: Vest-Telemark interkommunalt politisk råd (Vest-Telemarkrådet).

Send søknad og CV på epost til aa@vt-radet.no innan 23. februar 2024.

Har du spørsmål så ta kontakt med dagleg leiar Anne Aasmundtveit på telefon 402 38 178.

Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Kopi av vitnemål og attestar skal leverast på intervjuet.

Det er krav om førarkort og eigen bil.

Tilsetting skjer elles på dei vilkår som til ei kvar tid framkjem av gjeldande lover, reglement og tariffavtaler. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppfordringa ikkje blir tatt til følge, blir søkjaren varsla om dette, jf Offentleglova § 25.

Back To Top