Tinget har fire representantar frå kvar av dei seks kommunane i regionen:
- ordførar
- varaordførar
- eit anna kommunestyremedlem
- rådmann
Oppgåver
Tinget kjem saman minst to gonger i året. Dei vedtek arbeidsprogram og budsjett for komande år.
Arbeidsprogram og budsjett vert utarbeidd av Vest-Telemarkrådet. Arbeidsprogrammet er retningsgjevande for regionssamarbeidet som Vest-Telemarkrådet driftar.
Tinget vel leiar og nestleiar i Vest-Telemarkrådet for to år av gongen. Tittelen på desse tillitsvalde er regionordførar for Vest-Telemark og regionvaraordførar for Vest-Telemark.
Representantar og vararepresentantar 2019-2023
Fyresdal kommune
- Ordførar Erik Skjervagen – Nils Kristian Moe
- Varaordførar Elise Lauvrak – Liv Nærum
- Kjell Sverre Thoresen – Anne Snarteland
- Rådmann Une Marit Tangen
Kviteseid kommune
- Ordførar Bjørn Nordskog – Hege Bjåland
- Varaordførar Halvor Nyland – Magne Wraa
- Solveig Nekstad Grave – Tone M. Heggtveit
- Rådmann Øystein Tveit
Nissedal kommune
- Ordførar Halvor Homme – Kristin Parkinson Vågen
- Varaordførar Kristine Sandall – Marianne Vrålstad
- Ian Parry-Jones – Tjodvor M. Haugen
- Rådmann Sverre Sæter
Seljord kommune
- Ordførar Beate Marie Dahl Eide – Marita Byggstøyl Dyrland
- Varaordførar Sondre Aasan – Peter Fjågesund
- Halfdan Haugan – Per Dehli
- Rådmann Rikke Raknes
Tokke kommune
- Ordførar Jarand Felland
- Varaordførar Benedikte Nes
- Hilde Alice Vågslid – Kjell Magne Grave
- Rådmann Finn Arne Askje
Vinje kommune
- Ordførar Jon Rikard Kleven – Ane Killingtveit
- Varaordførar Tone Edland – Nils Ole Lien
- Bjørnar Christensen – Bertin Bjåen
- Rådmann Jan Myrekrok
Valperioden for tinget fylgjer kommunevalperioden og regionordføraren er leiar for tinget. Alle representantane har personleg vara.