skip to Main Content

Vedtekter, arbeidsprogram og planar er viktige og styrande dokument for det regionale samarbeidet i Vest-Telemark.

Styringsdokument

Fylgjande dokument legg føringar for arbeidet i Vest-Telemarkrådet.

Arbeidsprogram 2022-23

Visjon: Vest-Telemark – ein levande region

Vest-Telemark skal vera ein levande region der opparbeidd identitet og kultur vert vidareført saman med innovasjon og nyskaping. Gjennom samhandling over kommunegrenser skal vi gjere regionen attraktiv for busetnad, arbeid og oppleving.

Mål

Det er ei overordna målsetting å auke nettverksbygginga og påverknadsarbeidet i høve til regionens interesser.

Mål 1: Vest-Telemarkrådet skal vere ein aktuell og tydeleg aktør i arbeidet med å utvikle Vest-Telemark.

Tiltak:

  • Vera ein pådrivar for berekraftig samfunns-og tenesteutvikling for innbyggjarane
  • Sette viktige politiske saker på dagsorden og jobbe for gjennomslag for desse
  • Organisere Vest-Telemarkrådet i tråd med gjeldande lovverk
  • Sikre god samhandling og kommunikasjon mellom dei ulike forvaltningsnivåa, spesielt inn mot det nye Vestfold og Telemark fylke
  • Utvikle og koordinere fagnettverk mellom kommunane
  • Bidra til å profilere Vest-Telemark som ein attraktiv region å bu, etablere seg i og besøke
  • Gjennomføre ei årleg regional samling for dei kommunale ungdomsråda
  • Ha eit tett samarbeid med andre regionråd for å utveksle erfaringar og gode arbeidsmåtar
  • Arrangere Vest-Telemarkkonferansen

Mål 2: Auke innbyggjartalet og skape fleire arbeidsplassar

Tiltak:

  • Samarbeide om og synleggjera Vest-Telemark som ein felles bu-og arbeidsmarknad
  • Vidareføre ein profesjonell etablerarteneste
  • Bidra til å styrke Vest-Telemark vidaregåande skule
  • Vera pådrivar for fleire desentraliserte vidareutdanningstilbod
  • Stimulere til rekruttering av arbeidskraft og auka inntak av lærlingar
  • Stø opp om kulturtiltak som fremjar kjennskap, identitet og samhandling
  • Arbeide for eit bygningsvernsenter lokalisert til Vest-Telemark Museum
  • Sluttføre småbruksprosjektet og sikre gode rutinar for oppfølging i samarbeid med kommunane
  • Legge til rette for næringsutvikling med grunnlag i lokale ressursar
  • Auke tilgangen på risikokapital og offentlege verkemiddel til regionen
  • Styrke og utvikle nærings- og rådgjevingsapparatet i Vest-Telemark, og vidareføre samspelet mellom regionrådet og dei næringsansvarlege i kommunane
  • Koordinere regionale satsingar med forankring i klimaplanen for Vest-Telemark
  • Få på plass ein regional reiselivsstrategi for Vest-Telemark, og bidra i arbeide med å sertifisere vår region som eit berekraftig reisemål.
  • Initiere, skaffe ekstern finansiering og gjennomføre relevante prosjekt for regionen
  • Medverke til å oppretthalde og utvikle kompetansemiljø i regionen
  • Sikre at jordskifte og tingretten framleis er lokalisert i regionen

Mål 3: Sikre god infrastruktur i og gjennom Vest-Telemark

Tiltak:

  • Synleggjere regionen sine transport-og infrastrukturbehov gjennom faktaoppbygging og formidling
  • Vidareutvikle felles strategiar for vegutbygging og skape alliansar for desse
  • Arbeide for auka løyvingar til fylkesvegane i regionen
  • Medverke til at viktige prosjekt på E134, rv 36 og rv 41 blir bygd ut raskast mogleg
  • Arbeide for høgfartsbane over Haukeli
  • Arbeide for full breibands- og mobildekning
  • Arbeide for ei base for luftambulanse i regionen

Mål 4: Vest-Telemarkrådet skal medverke til tenesteutvikling og kompetanseheving i regionen

Tiltak:

  • Gjennom prosjektfinansiering medverke til styrking av prioriterte satsingsområde i samsvar med nasjonale føringar
  • Medverke til meir effektiv og heilskapleg gjennomføring av digitaliseringsprosjekt gjennom digitaliseringsutval, digitaliseringsstrategi og handlingsplanar
  • Medverke til heilskaplege, trygge helse-og omsorgstilbod i regionen med brukaren i sentrum
  • Sørge for at velferdsteknologi blir ein integrert del av tenestetilbodet i Vest-Telemark
  • Medverke til kompetanseheving i kommunane og blant innbyggarane når det gjeld velferdsteknologi og annan digital teknologi
Back To Top