skip to Main Content

Vedtekter, arbeidsprogram og planar er viktige og styrande dokument for det regionale samarbeidet i Vest-Telemark.

Styrande dokument

Fylgjande dokument legg føringar for arbeidet i Vest-Telemarkrådet.

  • Budsjett (årleg)
  • Arbeidsprogram (to-årig)
  • Delegeringsreglement
  • Prosedyrer for arbeidet i Vest-Telemarkrådet (fastsett 13. mars 2013)
  • Vedtekter
  • Vedtekter for Telemark utviklingsfond (TUF)

Arbeidsprogram 2016-2017

Vest-Telemarktinget vedtek kvart 2. år eit arbeidsprogram for regionssamarbeidet, som Vest-Telemarkrådet har utarbeidd.

Visjon: Vest-Telemark – ein levande region

Vest-Telemark skal vera ein levande region der opparbeidd identitet og kultur vert vidareført saman med innovasjon og nyskaping. Gjennom samhandling over kommunegrenser skal vi gjere regionen attraktiv for busetnad, arbeid og oppleving.

Mål 1: Oppretthalde og auke folketalet og busetnaden i heile Vest-Telemark

Tiltak:

  • Auke dei unge si sjølvkjensle og tilknyting til distriktet, og stimulere til entreprenørskap
  • Vidareføre arbeidet med utvikling av regionens attraksjonskraft og bulyst
  • Vidareutvikle Vest-Telemark som ein attraktiv arbeidsmarknadsregion
  • Stimulere til rekruttering av arbeidskraft
  • Nytte samhandlingsreformen til å få best mogleg helsetilbod i regionen
  • Vidareføre nettverket for vidaregåande utdanning i regionen

Mål 2: Sterk regional samkjensle og styrka Vest-Telemarkidentitet

Tiltak:

  • Stø opp om kulturtiltak som fremjar kjennskap, identitet og samhandling
  • Vidareutvikle samhandling kring marknadsføringstiltak som fremjar kjennskap til regionens kultur og identitet.
  • Legge til rette for godt regionalt samarbeid, herunder elektronisk kommunikasjon og informasjonsflyt
  • Stimulere til utvikling av nye offensive informasjonsformer tilpassa prioriterte målgrupper.
  • Etablerere nettverk for viktige regionale institusjonar
  • Auke samhandlinga og kommunikasjonen med dei ulike forvaltningsnivåa
  • Fullføre prosessen rundt kommunereformen i Vest-Telemark

Mål 3: Vidareutvikling og nyetablering av verksemder i Vest-Telemark

Tiltak:

  • Leggje til rette for næringsutvikling med grunnlag i lokale ressursar
  • Auke tilgangen på risikokapital og offentlege verkemiddel til regionen
  • Styrke og utvikle nærings- og rådgjevingsapparatet i Vest-Telemark, og vidareføre samspelet mellom regionrådet og dei næringsansvarlege i kommunane.
  • Tilrettelegging og utvikling av samhandlingstiltak og næringsklynger, med formål å styrke eksisterande næringsliv og stimulere til knoppskyting, nyetablering og innovasjon.
  • Oppretthalde og utvikle kompetansemiljø i regionen.
  • Vidareutvikle den regionale etablerertenesten, gjennomføre Byregionprogrammet og samarbeide med næringshagane i regionen også knytt til SIVA

Mål 4: Sikre god infrastruktur i og gjennom Vest-Telemark

Tiltak:

  • Vidareutvikle felles strategiar for vegutbygging og skape alliansar for desse.
  • Synleggjere regionens transport- og infrastrukturbehov gjennom faktaoppbygging og formidling.
  • Arbeide for høgfartsbane over Haukeli.
  • Utvikling av regionens breibandsstruktur og mobilsamband.
Fyresdal. Foto: Gunhild Momrak
Mobiltelefon, notatbok og penn på eit bord.
Back To Top