Ordførarane i dei seks Vest-Telemarkkommunane utgjer Vest-Telemarkrådet, med varaordførarane som personlege vararepresentantar.
Oppgåver
Saman med regionrådsleiaren skal rådet stå for den daglege drifta av regionssamarbeidet i Vest-Telemark.
Arbeidsprogram
Rådet skal kvart år utarbeide budsjett for komande år, medan forslag til arbeidsprogram vert utarbeidd annankvart år. Arbeidsprogrammet er retningsgjevande for rådet sitt arbeid, og kan også innehalde saker og tiltak som krev arbeid over fleire år. Forslaga vert lagt fram for Vest-Telemarktinget til endeleg godkjenning.
Rådet søkjer å ivareta ein god dialog med næringslivet i regionen.
Åpne møte
Møta i Vest-Telemarkrådet er åpne for ålmenta, og dagane vert fastsett med årlege møtekalenderar. Innkalling sendast til ordførarar og rådmenn og til informasjon til kommunestyrerepresentantane i dei seks kommunane. Fylkeskommunen og Fylkesmannen får også kopi av innkalling.
To gonger i året er det møte i Vest-Telemarktinget som består av fire representantar frå kvar kommune. Vest-Telemarktinget er det øvste organet for Vest-Telemarkrådet.
Rådets representantar 2016-2019
Regionordførar
Erik Skjervagen, ordførar i Fyresdal
Halfdan Haugan, ordførar i Seljord
Jarand Felland, ordførar i Tokke
Regionvaraordførar
Jon Rikard Kleven, ordførar i Vinje
Halvor Homme, ordførar i Nissedal
Tarjei Gjelstad, ordførar i Kviteseid