Fyresdal. Foto: Gunhild Momrak
Mobiltelefon, notatbok og penn på eit bord.

Tinget er det høgaste organet i det formelle samarbeidet mellom dei seks kommunane i Vest-Telemark. Rådet driftar samarbeidet etter dei retningsliner som tinget vedtek.

Viktig distriktspolitisk samarbeidsorgan

Vest-Telemarkrådet har gjennom åra utvikla seg til på bli eit viktig distriktspolitisk samarbeidsorgan for kommunane i Vest-Telemark. Organet har ei sentral rolle i arbeidet med å legge til rette for interkommunalt samarbeid og finne felles løysingar som gjev betre tenester til innbyggjarane. Eit godt samspel mellom kommunane er heile tida avgjerande for god måloppnåing.

Regionen har gjennom samarbeidet oppnådd:

  • Auka samhald og sterkare felles identitet
  • Å framstå som ei samla eining i høve til stat, fylkeskommune og omgjevnad elles
  • Betre grunnlag og større tynge i forhandlingsspørsmål
  • Betre grunnlag for å nå fram i høve til felles søknadar
  • Semje i vanskelege saker
  • Auka lokal merksemd og betre grunnlag for etablering av samarbeidsordningar
  • Betre grunnlag for etablering og busetting i regionen
  • Auka grunnlag for felles investeringar i infrastruktur som t.d. breiband

Saman er me sterkare

Me har over tid sett ei aukande sentralisering og overføring av ressursar frå distrikt til sentrale strok. I tida som kjem vil ein difor meir enn nokon gong trenge gode samarbeidsorgan og sterke talspersonar som kan ivareta distriktets interesser.