Vedtekter for Vest-Telemarkrådet 16. juni 2009
Kapittel 1: Formål, medlemskap og vedtekter.
§ 1. Geografisk omfang.Vest-Telemarkrådet er eit regionalt organ der kommunane Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord, Tokke og Vinje er med.
§ 2. Formål.
Vest-Telemarkrådet skal vere eit samarbeidsorgan for dei deltakande kommunane på alle område og alle plan, og skal vere eit organ for løysing av felles spørsmål og oppgåver for dei same kommunane.
§ 3. Styringsorgan
Vest-Telemarkrådet har to styringsorgan. Det eine er Tinget, som er nærare omhandla i kapitel 2. Det andre er Rådet, som er omhandla i kapitel 3.
§ 4. Medlemskap, utmelding, oppløysing.
Kommunestyret i den einskilde kommunen gjer vedtak om deltaking i Vest-Telemarkrådet og godtar med det vedtektene for dette.
Hvis ein kommune ynskjer å gå ut av Rådet, må kommunestyret gjere vedtak om dette. Ein kommune har rett til å seie opp sitt medlemskap med eitt års varsel.
Rådet skal oppløysast når kommunestyra i eit fleirtal av medlemskommunane har gjort vedtak om dette. Regionrådet skal då avviklast. Når avviklinga er ferdig skal attståande midlar betalast attende til kommunane i same forhold som det er gjort innbetaling.
§ 5. Endring av vedtektene.
Medlemskommunar og medlemer av Vest-Telemarkrådet kan kome med framlegg til endring av vedtektene. Slike framlegg må sendast Rådet, som sender framlegget med si førebels innstilling til medlemskommunane til uttale. Framlegget med endeleg innstilling frå Rådet skal leggast fram for Tinget. Vedtak i Tinget om vedtektsendringer krev 2/3 fleirtal.
Framlegg til vedtektsendringer skal handsamast av Tinget så snart det er praktisk mogleg, men på grunn av sakshandsaming ikkje tidlegare enn 3 månader etter dato for framlegging.
Vest-Telemarkrådet kan la ein kommune velje mellom å godkjenne føreslege vedtektsendring eller å gå ut av regionrådet utan vanleg oppseiingstid.
§ 6. Arbeidsoppgåver.
Rådet skal for kvart år utarbeide forslag til arbeidsprogram for komande år, og legge denne fram for Tinget saman med budsjett for same periode. Dette arbeidsprogrammet kan også innehalde saker og tiltak som krev arbeid over fleire år.
Rådet skal freiste å ivareta ein god dialog med næringslivet i regionen.
Tinget vedtek arbeidsprogram, og denne skal vere retningsgjevande for Rådet sitt arbeid. Rådet har likevel rett til å endre prioriteringane når spesielle tilhøve gjer dette nødvendig eller ynskjeleg.
Kapittel 2: Tinget
§ 7. Samansetjing av Tinget.Ordførar, varaordførar, 1 anna kommunestyremedlem og rådmann i dei deltakande kommunane utgjer medlemene av Tinget.
Det vert oppnemnt personlege vararepresentantar.
Valperioden for Tinget fylgjer kommunevalperioden.
Regionordførar er også leiar for Tinget.
§ 8. Verksemda i Tinget.
Tinget kjem saman minst to gonger i året. Første møte skal normalt haldast i juni. Tinget kjem saman når eit fleirtal i rådet fastset det, eller når Regionordførar eller minst 2 av medlemskommunane krev det. Innkallinga til tingmøta skal vere skriftleg og skal sendast med minst 14 dagars varsel og skal innehalde oppgåve over dei sakene som skal handsamast.
Tinget gjer sine vedtak i møte leia av Regionordførar eller av Region-varaordførar når ordføraren har forfall. Hvis ingen av desse er med i møtet, vel Tinget ein møteleiar for møtet.
Vedtak i Tinget blir gjort med vanleg fleirtal og er gyldig når minst 50 % av medlemene/varamedlemene møter og har røysta i den aktuelle saka. Ved likt stemmetal gjer møteleiaren si røyst utslaget.
Det skal førast protokoll frå møtet der alle sakene som er drøfta og vedtak som er gjort blir ført inn. Møteleiaren er ansvarleg for at denne blir ført på ein forsvarleg måte. Protokollen skal sendast alle tingsmedlemer, varamedlemer, medlemskommunar, gruppeleiarar i kommunestyra og fylkeskommunen.
Regionordføraren er ansvarleg for at verksemda i Vest-Telemarkrådet føregår i samsvar med vedtektene og god forvaltningsskikk. Regionordføraren skal sjå til at det kvart år blir utarbeidd årsmelding med rekneskap for verksemda i regionrådet. Denne skal sendast dei same som får tilsendt møteprotokoll.
§ 9. Tinget sitt ansvar.
1. Godkjenning av arbeidsprogram og budsjett
2. Godkjenning av årsmelding og rekneskap
3. Fastsetjing av godtgjering o.l.
4. Handsame forslag til vedtektsendringer
6. Handsame andre saker etter vedtak i rådet
Kapittel 3: Rådet
§ 10. Rådet.Ordførarane i dei deltakande kommunane utgjer Rådet, med varaordførarane som personlege vararepresentantar. Rådet skal stå for den daglege drifta i samarbeid med sekretariatet, og i samsvar med vedtekne arbeidsoppgåver.
Leiar og nestleiar i rådet vert vald av Tinget for 2 år av gongen. Tittelen for desse tillitsvalde er Regionordførar for Vest-Telemark og Region-varaordførar for Vest-Telemark.
Rådet kan oppnemne underutval eller liknande til å arbeide med fullmakt frå rådet.
§ 11. Om avstemming og vetorett.
Kvart medlem av Rådet har vetorett med omsyn til om ei sak skal handsamast i Rådet. Viss vetoretten blir nytta, skal saka trekkast frå vidare handsaming. Det skal tungtvegande grunnar til for å nytte vetoretten, og bruken skal grunngjevast i kvart tilfelle.
Vedtak i saker som Rådet handsamar blir gjort med vanleg fleirtal. Ved likt stemmetal gjer møteleiaren si røyst utslaget.
Kapittel 4: Administrasjon, økonomi
§ 12. Sekretariat/administrasjon.Rådet har høve til å engasjere/tilsette sekretær/dagleg leiar og anna naudsynt hjelp innafor vedteken arbeidsplan og budsjett, eller å kjøpe sekretariattenester.
Tilsette i sekretariatet skal ha skyss- og diettgodtgjering for reiser i regionrådet sitt ærend i samsvar med regulativet som gjeld for tilsette i kommunane.
§ 13. Budsjett, finansiering.
Tinget vedtek etter forslag frå rådet kvart år eige budsjett.
Utgiftene blir å fordele slik:
Grunnsum som er lik for alle 10 %
Fordelt etter folketal 50 %
Fordelt etter nettobudsjett 40 %
Det kan i tillegg arbeidast for å skaffe finansiering frå andre hald til drift eller til prosjekt.
Mellom medlemskommunane skal det gjerast 4-årige avtaler om storleiken på driftstilskotet frå kommunane. Avtaleperioden er då dei 2 siste åra i inneverande kommuneval-periode og dei 2 første åra i neste periode. Første avtaleperiode blir 2002 – 2005.
§ 14. Rekneskap og forvalting.
Rådet er ansvarleg for rekneskapsføringa og forvalting av midlane til regionrådet.
§ 15. Godtgjering og kostnadsdekning for tillitsvalde.
Tinget skal i samband med budsjetthandsaminga fastsetje godtgjering til regionrådets tillitsvalde, dvs. Regionordførar, Region-varaordførar og rådsmedlemer.
Tingsmedlemer, varamedlemer, rådsmedlemer og medlemer av eventuelle utval skal ha dekka reiseutgifter i samsvar med regulativ for kommunane. Tapt arbeidsforteneste blir dekt etter eige regulativ for Vest-Telemarkrådet.
§ 16. Informasjonsarbeid.
Sakliste og møtereferat til rådsmøte og møte i Tinget skal sendast alle faste medlemer og varamedlemer til dei styrande organa. Det same materialet skal sendast gruppeleiarane for dei politiske partia i medlemskommunane.
Styrande organ og administrasjon skal syte for eit aktivt informasjonsarbeid i forhold til publikum om regionrådet sitt arbeid.
Offentleggjering av saker og vedtak fylgjer same lovregulering som gjeld for kommunane.
Vedteke i Vest-Telemarktinget 16. juni 2009