Vest-Telemarkrådet

Vest-Telemarkrådet

Seks kommunar






Deltakande kommunar

Kommunane Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord, Tokke og Vinje tar del i regionsamarbeidet og er medlemer av Vest-Telemarkrådet.

Føremål
Føremålet til Vest-Telemarkrådet er definert slik i vedtektene:
Vest-Telemarkrådet skal vere eit samarbeidsorgan for dei deltakande kommunane på alle område og alle plan, og skal vere eit organ for løysing av felles spørsmål og oppgåver for dei same kommunane.

Vedtekter
Vedtektene for Vest-Telemarkrådet  vart vedtatt på stiftingsmøtet. Dei er seinare revidert, sist  i 2008. Vedtektene kan du lesa her.

Styringsorgan
Vest-Telemarkrådet har to styringsorgan. Det eine er Tinget, som er nærare omhandla i kapitel 2 i vedtektene. Det andre er Rådet, som er omhandla i kapitel 3 i vedtektene.

Sekretariat
Vest-Telemarktrådet har sekretariat i Kviteseid. Regionrådsleiar Kjell Gunnar Heggenes leiar sekretariatet. Kontaktinformasjon finn du her.

Møteplan og saksdokumenter
Møteplanen for Vest-Telemarkrådet, samt saksdokument og protokollar finn du på framsida.

Arbeidsprogram
Vest-Telemarkrådet har vedtatt arbeidsprogram. Arbeidsprogramme finn du her.

Medlemer av Tinget  2008-2011
Tinget har fire representantar frå kvar av dei sju deltakande kommunane. Blant dei fire er ordførar og rådmann frå kvar kommune. Alle dei 28 representantane har personleg vara. Oversikt over representantar og vararepresentantar finn du her.

Medlemer av Rådet 2008-2011
Rådet har seks medlemer. Ordføraren i kvar kommune er medlem av Rådet. Oversikt over medlemene i Rådet finn du her.

Årsmelding for 2008