Arbeidsprogram Vest-Telemarkrådet 2008 – 2009.
VISJON: VEST-TELEMARK - EIN LEVANDE REGIONKommunane i Vest-Telemark er kommunar med særpreg, høg kulturprofil og målretta samhandling. Regionen er attraktiv for busetjing, næringsetablering og framvekst av kompetansmiljø. Livet i Vest-Telemark er prega av fokus på løysingar og positive vinklingar. Mål 1:
Oppretthalde folketalet og busetnaden i heile Vest-Telemark. Tiltak:
Auke dei unge si sjølvkjensle og tilknyting til distriktet,og stimulere til entreprenørskap.
Ha god tilgang til vidaregåande skule, samt etter- og vidareutdanning for innbyggjarane.
Kartlegging av viktige lokaliseringsfaktorer for potensielle tilflyttarar.
Vidareføre småbruksprosjektet.
Stimulere til rekruttering av arbeidskraft.
Fylgje opp dei aktuelle tiltaka i næringsplanen og landbruksrapporten. Mål 2:
Sterk regional samkjensle og styrka Vest-Telemarkidentitet. Tiltak:
Stø opp om kulturtiltak som fremjar kjennskap, identitet og samhandling.
Legge til rette for godt regionalt samarbeid, herunder elektronisk kommunikasjon.
Drive aktiv marknadsføring av regionen.
Drive alliansebygging/lobbyverksemd og kome tidleg inn i dei ulike politiske endringsprosessane. Mål 3:
Vidareutvikling og nyetablering av verksemder i Vest-Telemark med grunnlag i distriktets særpreg og lokale ressursar. Tiltak:
Fylgje opp dei aktuelle tiltaka i næringsplanen og landbruksrapporten.
Sikre tilgang på eigenkapital
Stimulere til samordning av marknadsføring av reiselivet i regionen
Marknadsføre føremonane i regionen
Leggje til rette for lokal foredling og småskalaproduksjon
Leggje til rette for etablering av kompetanseverksemder og nettverk Mål 4:
E 134 og Riksveg 36 held fram som det viktigaste hovudsambandet mellom aust og vest. Utvikle potensialet i Telemarksvegen (riksveg 41), som viktig korridor mot sør og kontinentet. Etablere ny infrastruktur for kommunikasjon. Tiltak:
Samarbeid med Haukeligvegen AS, Arbeidsgruppa for E 134/Rv 36, Telemarksvegen Vest-Telemark Næringsforum og andre viktige grupperingar.
Arbeide mot sentrale styresmakter.
Fremje tiltak for alternativ finansiering av sentrale investeringsprosjekt
Arbeide for auka midlar til investeringar og vedlikehald av øvrige riks- og fylkesvegar.
Sikre full utbygging av breiband i regionen
Arbeide for full dekning innan mobilsamband og digitalt bakkenett
Arbeide for realisering av høgfartsbane over Haukelifjell.