Vest-Telemarkrådet

Fellesfondet

 

Det interkommunale næringsfondet er eit fellesfond for kommunane Fyresdal, Hjartdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord, Tinn, Tokke og Vinje. Fellesfondet skal grunnfinansiere
VT-samarbeidet + Tinn inkludert ein viss ”arbeidskapital til utgreiing av evt. nye samarbeidsområde og handlingsrom til å ta tak i aktuelle problem/utfordringar.
Vidare kan midlane nyttast til å delfinansiere interkommunale samarbeidsordningar/prosjekt (også av kulturell art) samt gje tilskot til private investeringsprosjekt med klar interesse for fleire kommunar. 

I 2008 vart det oppretta eit eget kulturfond til utgjeving av bøker, musikk, teater og annan sceneframsyning, samt produksjon av bilete og film med tanke på visning på kino, fjernsyn eller internett. Det skal setjast av midlar til kulturfondet i samband med dei årlege avsetningane, og ordninga trer i kraft i 2009.

Ordførarane i dei 8 samarbeidande kommunane utgjer styret i Fellesfondet, og leiar i 2008 har vore Arne Vinje, ordførar i Vinje kommune.

Årsmelding for 2008 finn du her.