skip to Main Content
Rådsmøte  I  Kunstnarlege  Omgjevnader

Det var mange saker på agendaen då Vest-Telemarkrådet hadde møte i Terje Grøstad sitt atelier ved Nutheim Gjestgiveri i Seljord tysdag 12. mars 2019.

Under lunsjen las vertinne Solveig Barstad dikt og fortalde historia om Nutheim Gjestgiveri.

Møtet starta med fire orienteringar. Fyrst ut var Anne Gro Ahnstrøm, rådgjevar for samferdsel og regional utvikling i Telemark fylkeskommune og ny fylkeskommunal representant i rådet. Ho orienterte om ny prosess og organisering i arbeid med nasjonal transportplan 2022 – 2033. Deretter ga ordførar i Fyresdal Erik Skjervagen ei kort statusorientering om skogsleiren i Fyresdal. Ronde Schade frå Seljord kommune fortalde om prosjekt spesialundervisning. Ordførar Gry Fuglestveit og Vidar Sten-Halvorsen frå Notodden kommune presenterte prosjektet Telemark Ring.

Av saker som vart handsama var regionalpakke  for samferdsel i Vest-Telemark, uttale om inntaksordning for elevar til vidaregåande utdanning, årsmelding og årsrekneskap 2018 for Vest-Telemarkrådet, sakliste og møtestad for Vest-Telemarktinget 30. april 2019, og vidare arbeid med domstolstruktur i Telemark.

Back To Top