skip to Main Content
Vest-Telemarkrådet  Feira  At  Mattilsynet  Valde  Seljord

Tysdag 20. november 2018 hadde Vest-Telemarkrådet møte i kommunestyresalen i Treungen.

Rådsmøtet starta med ei feiring av at Mattilsynet valde Seljord som regionkontor i sin nye kontorstruktur.

Tellef Solås, personal- og økonomisjef i Telemark Bilruter, gav ei orientering om status etter at selskapet tapte anbodskampen om å køyre lokal- og skuleruter i Vest-Telemark dei neste 7 åra.

Gunhild Austjord, plan- og næringssjef i Tokke kommune, og Elisabeth Lid, næringssjef i Kviteseid kommune, presenterte resultat frå Byregionprogrammet og vegen vidare.

Foreininga Brannmenn Mot Kreft gav ei orientering om faren for kreft som brannmenn er eksponerte mot, samt dagens krav til brannstasjonar.

På saklista sto også vitalisering av rådsarbeidet. I drøftinga vart det mellom anna uttrykt at det var viktig med vidare samarbeid og samarbeidsprosjekt i regionen. Ei oppsummering av innspel frå formannskapa i dei seks kommunane synte også at politikarane i Vest-Telemark stort sett har same oppfatning av situasjonen og vegen vidare for samarbeidet.

Rådet handsama også budsjett for 2019 og saksliste for møtet i Vest-Telemarktinget den 11. desember.

Back To Top