skip to Main Content

Digitalisering har eit sterkt auka fokus i offentleg sektor, og vil truleg spele ei betydeleg rolle i kommunanes omstillingsarbeid og tenesteleveranse i åra framover.

Systematisk samarbeid

Digitalisering krev systematisk samarbeid på mange område, og for å lykkast må kommunane forplikte seg til samla utvikling, både på strategisk- og tenestenivå. Modell for dette arbeidet føreligg som del av rapport frå 2017 der det vart utgreidd forpliktande samarbeid på IKT. Ei felles satsing på digitalisering må ha forankring i den einskilde kommune, og rådmannsutvalet har tilrådd at kommunestyra har saka oppe til handsaming innan utgangen av april 2018. Det er truleg kort frist etter utsettinga av saka i Rådet, og det er meir realistisk å få gjennomført dette innan utgangen av mai 2018. Vedlagt disposisjon bygger mellom anna på opplegg som vert nytta i Kongsbergregionen.

Disposisjon

Her kan du laste ned dokument revidert disposisjon for digitalisering i Vest-Telemark 04.04.2018 som er justert i tråd med innspela frå rådmannsutvalet 3. januar og 16. februar 2018. Kjerna i disposisjonen er som følgjer:

  • Kommunane legg inn både økonomiske- og personalressursar i det vidare samarbeidet.
  • Det er trong for å etablere ei eiga stilling i høve til felles digitalisering i Vest-Telemark. Denne stillinga vil også knytast til arbeid med personvernombod.

Disposisjonen gjev grunnlag for vidare samarbeid, der det mellom anna skal definerast strategi/styring og avklaring av aktuelle samarbeidsområde.

Vidare arbeid

  1. Tema digitalisering vil være tema i møte i Vest-Telemarktinget 24. april 2018.
  2. Kommunane har forplikta seg til å delta i arbeid med felles digitalisering – ultimo mai 2018.
  3. Planlagt utlysing av stilling – 1. juni 2018
  4. Tiltreding av stilling –  1. oktober 2018
Back To Top