skip to Main Content
ByR programmet i Vest-Telemark er eit tri-årig program finansiert av KMD, der arbeidet starta i 2015 med prosjektslutt 2017. Samlinga i 2018 er knytt til erfaringsutveksling og evaluering av prosjektet, og vi inviterer til felles samling med dei andre ByR-programma i Telemark 15. mars på Bø hotell. Vi har fire prosjekt i Telemark: Midt-Telemark, Grenland, Notodden og Vest-Telemark.
I april 2017 hadde vi ei såkalla «Storsamling» på Dalen hotell der vi samla aktørane som har jobba med ByR-programmet i Vest-Telemark i arbeidsgrupper eller som leverandør/aktiv deltaker.
Samlinga 15. mars er for å møte dei andre regionane for å dele erfaring, og alle som har delteke i programmet er velkommen. Av programmet ser de at det er sett av kort tid til presentasjon frå regionane med målsetting, resultat og erfaring, så tida skal gå til å dele erfaring og stille spørsmål.
Meld deg på med å sende e-post til undertegna, og program er vedlagt. Påmelding innan 8. mars.
Ta kontakt om du har spørsmål.
Beste helsing
Ole Dalen
Prosjektleiar, ByR i Vest-Telemark
M: 41423433

Programmet for dagen kan du laste ned her.

Back To Top